Meny Lukk

Turistane skal reise som lokalbefolkninga

Fylkesutvalet har gått inn for prosjektet «Travel like the locals» saman med Sogn og Fjordane. Prosjektet skal leggje til rette for rundturar med kollektivtransport for tilreisande turistar, helst før turistsesongen 2019

reise-som-lokal
Allmannajuvet, foto: Atle Stana

Det har lenge vore eit sterkt ynskje frå reiselivsnæringa at kollektivtrafikken skal verta betre tilpassa tilreisande gjester. Samstundes er det gode miljø- og klimamessige grunnar for at fleire skal velga anna transport enn eigen bil, skriv hordaland fylkeskommune.

Attraktive rundturar

Prosjektet er basert på å identifisera attraktive rundturar og tilby enkeltbillett som dekker heile reisa. Modellen er allereie utvikla og gjennomført med godt resultat i Møre og Romsdal, og prosjektet skal bygga på den erfaringa.

Det er ynskjeleg at arbeidet kan starta hausten 2018, slik at produktet kan vera tilgjengeleg for sal til turistsesongen 2019. Turistane reiser på tvers av fylkesgrensene, og fylkesutvalet går inn for at arbeidet må legga til rette for at ein på sikt kan få eit tilbod på tvers av fylkesgrensene.

Kartlegga ledig kapasitet

For å kunna starta opp til turistsesongen 2019 må det gjerast ein jobb for å kartlegga ledig kapasitet på eksisterande kollektivnett i Hordaland og setta opp ei løysing som gjer det mogeleg å tilby ein gjennomgåande billett for rundreise, basert på eksisterande takstar.

Hordaland fylkeskommune løyver inntil kr 300 000 til arbeidet.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: