Meny Lukk

Tilskot til dialogarbeid om tru- og livssynspolitiske spørsmål

Kulturdepartementet utlyser 5 millionar kroner til dialogarbeid og tiltak som kan bidra til meir kunnskap og debatt om tru- og livssynspolitiske spørsmål

trine-skei-grande
Trine Skei Grande, Pressebilete

– Regjeringa meiner at tru- og livssynsdialog er viktig for å fremja gjensidig forståing og respekt i det fleirreligiøse Noreg. Me vil legga til rette for dialog og engasjera eit mangfald av røyster i tru- og livssynssamfunna. Dialog og debatt er viktig for å ivareta forskjellar og hegna om felles verdiar som samfunnet vårt bygger på, seoer kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Pengane som vert lyst ut skal gå til:

  • Dialogarbeid – aktivitetar på, eller i tilknyting til, tru- og livssynsområdet som kan fremja gjensidig forståing og respekt for forskjellar og for felles verdiar som demokrati, rettsstat og menneskerettar
  • Tiltak som kan bidra til kunnskapsutvikling og kompetanseheving om tru- og livssynspolitiske tema

Ved vurderinga av søknadane vil departementet m.a. legga vekt på om søkaren har kompetanse og erfaring frå liknande arbeid. Departementet vil prioritera tilskot til tiltak som (i prioritert rekkjefølgje):

1) Bidrar til å utvikla dialogarbeid og samarbeid mellom ulike trussamfunn/-retningar og andre aktørar lokalt

2) Skjer i regi av, eller i samarbeid med, muslimske organisasjonar eller trussamfunn

3) Bidrar til kunnskapsutvikling og kompetanseheving om aktuelle trus- og livssynspolitiske tema

Departementet vil tildela eingongstilskot på mellom 50.000–400.000 kroner.

Søknadsfristen er 15. august 2018

Les heile utlysinga (.pdf)

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: