I jordbruksavtalen er det semje om å greia ut ei ordning for å kjøpa ut svinebønder. Bakgrunnen er at prognosane viser ein overproduksjon på 4.300 tonn svinekjøt i 2018, noko som vil gje bøndene store tap. Det skriv Nationen

svin-griser

– Det er viktig for jordbruket å skapa semje om ordninga. Partane ser likt på utfordringane i marknaden. Jordbruket er oppteke av å koma eit steg vidare slik at svineprodusentane kan henta ut sin del av inntektene i marknaden, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Sist gong ei slik ordning vart teken i bruk for rundt 18 år sidan, vart 7.100 purker frå rundt 600 bønder kjøpt ut, finansiert med ei omsetningsavgift betalt kollektivt av bøndene.

Ordninga vart og  gjort framlegg om i 2013, men den vart stoppa av dåverende landsbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp).

– Det er heilt galt å betala folk for ikkje å gjera noko. Bøndene får gjera som i andre marknader, setta ned prisen for å få seld meir. Ellers får dei slutta, sa Listhaug til Dagens Næringsliv den gong.

Utgreiinga skal vera ferdig før 1. september, og dei aktuelle endringane kan tre i kraft fra 1. januar neste år ifylgje hegnar.no

(©NTB)

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese