Tilskotsordninga for særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester i kommunane er på heile 9,6 milliardar kroner. No har Helsedirektoratet endra på kva staten seier seg villig til å betala for i 2018 fortel klassekampen.no
Ordninga skal ta unna dei store toppane kommunane møter om dei får til dømes trafikkskadde eller alvorleg sjuke som kommunen har ansvar for.
Endringa gjev store konsekvensar for kommunane – ikkje minst fordi ein er halvvegs inn i kalenderåret. I tillegg aukar eigenadelen for kommunane.
Klasekampen skriv at SV meiner kommunane får ei ekstrarekning på «eit tresifra tal millionar» for dei innbyggarane som treng mest hjelp. Endringa har tilbakeverkande kraft.
For Hamar by er det snakk om 20 millionar. – Dette er som å fortelja i mars at husleiga har gått opp til 15.000 kroner, men at endringa gjeld frå januar, seier Einar Busterud, ordførar på Hamar.
Karin Andersen frå SV er leiar for Stortingets kommunalkomité:
– Her har regjeringa stramma inn i det skjulte. På landsbasis er dette eit tresifra milliontal, og dette er snakk om folk som på ingen måte kan ta vare på seg sjølve, seier Andersen.
Ove Trellevik sit i kommunalkomiteen på Stortinget for Høgre. Han avviser blankt alle skuldingar om at høgresida har snurpa att pengesekken, ifylgje Klassekampen.
– Frå 2013 til 2018 har me styrkt ordninga med 3,3 milliardar kroner. Så vart me samde i budsjettet om at me skulle evaluera ordninga. Me har auka kommunen sin del med 50.000 kroner, men me har ikkje redusert tenestene til innbyggarane, slår Trellevik fast.
Han fortel at Stoltenberg-regjeringa i sitt siste budsjett ville auke nedtrekket. – Det nedtrekket la me i ei skuff.
Trellevik er klar på at ordninga er særleg viktig for småkommunar.
– Det er klart at ein kommune med 700 innbyggarar vert meir påvirka av ein enkeltbrukar som treng mykje støtte. Det er også eit argument for større og meir berekraftige kommunar, seier han.