Meny Lukk

St. Olav til Ottar Grepstad

H.M. Kongen har utnemnt direktør Ottar Grepstad til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen han har gjort for å fremja nynorsk språk, litteratur og skriftkultur

Ottar-grepstad
Ottar Grepstad, bilete: Lard O. Flydal

Fylkesmann Lodve Solholm overrekkjer dekorasjonen under ein seremoni i Ivar Aasen-tunet i Ørsta onsdag 6. juni 2018, Laila Walseth Lid, kommunikasjonsrådgivar ved Aasentunet, i ei pressemeling.

– Dette er litt pinleg og mest stas. Eg har hatt god tid til å venje meg til dette, men står framleis utanfor tanken. Eg har gjort ein jobb og sikkert meir enn eg måtte, mest fordi det har vore kjekt og så mange fine folk eg har fått samarbeide med, seier Ottar Grepstad.


Tidlegare rådsordførar Grete Riise og tidlegare styremedlem Georg Arnestad i Nynorsk kultursentrum tok initiativ til å senda søknaden hausten 2016. Medunderskrivarar var forfattaren Jon Fosse, museumsdirektør Ivar Gunnar Braaten og Venstre-leiar Trine Skei Grande. Saman med søknaden fylgde to tilrådingsbrev frå rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen og tidlegare forlagssjef Audun Heskestad i Det Norske Samlaget.

Ottar Grepstad (fødd 1953) frå Jølster har vore direktør i Nynorsk kultursentrum frå 1999 og vert pensjonist hausten 2018. Han var hovudredaktør i Allkunne 2007–2014 og kulturkommentator i Dagens Næringsliv 2008–2011. Grepstad var redaktør i Syn og Segn 1984–88 og forlagsredaktør, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef i Samlaget 1980–94. Han var rådsmedlem Norsk kulturråd 2005–2009, styremedlem Språkrådet 2006–2010 og styreleiar same staden 2010–2015.

Frå debuten i 1974 med ei artikkelsamling om nrosk landbruk har han skrive eller redigert over 40 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk. I 1999 fekk Ottar Grepstad Norsk språkpris frå Språkrådet.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: