• formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
  • fremjar forståing for grøne verdiar hjå ungdom spesielt og ålmenta generelt
  • bidreg til å synleggjera yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
  • fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
  • fremjar likestilling i arbeidet sitt

Organisasjonar som ynskjer støtte over ordninga, må søka. Søkarane må oppfylla krav i regelverket. Tilskot vert gitt som grunnstøtte. Storleiken på tilskota til organisasjonar, vert fastsett kvart år ut frå innkomne søknadar og budsjettramme. I vurdering av søknadane inngår kriterier som m.a. organisasjonen sitt føremål, medlemstal, aktivitet på landsbasis og oppbygging, samt ei vurdering av søkarane etter overordna målsetjingar. Sjå Landbruks- og matdepartementet sine budsjettproposisjonar og Stortinget si behandling av desse for å lesa om tidlegare tildelingar.

Søknadsfristen for støtte frå statsbudsjettets kap. 1138 post 70 for 2019 er 1. juli 2018

Berre søknadar som er motteke innan fristen vert behandla. Søkarane vil få ei stadfesting per e-post som bekreftar at søknaden er motteke innan fristen. Forslag til fordeling av midler for 2019 vil gå fram av Landbruks- og matdepartementet sin budsjettproposisjon for 2018-2019. Endeleg fordeling av midler vert gjort av Stortinget ved behandling av budsjettet, og svar på søknaden vert sendt søkarane i januar-februar 2019.

Følgjande skal leggast ved søknaden:

  • årsmelding/årsberetning for 2017
  • godkjent rekneskap for 2017
  • budsjett for 2019 som synleggjer inntekter og utgifter
  • kontingentinntekter og eventuelle tilskot/refusjonar/inntekter frå andre skal spesifiserast både i rekneskap og budsjett
  • opplysingar om talet på medlemmar og oversikt over ev. lokallag
  • beskriving av aktivitet i organisasjonen som er med på å bygge opp under målsettingane for ordninga.Regelverk for ordninga finn du på Landbruks – og matdepartementet sine nettsider.