I 2016 vart over 300 villrein drept av et lynnedslag på Hardangervidda. Det vart tatt hjerneprøver frå dyra, og alle testa negativt for skrantesjuke. Smittestoffet kan imidlertid finnast i lymfeknuter før det kan påvisast i hjernen
I 2016 vart det kun nytta hjerneprøvar for testing av skrantesjuke. Det er den EU-godkjente påvisningsmetoden for Chronic Wasting Disease (CWD eller skrantesjuke), fortel Veterinærinstituttet. Smittestoffet kan imidlertid finnast i lymfeknuter før det kan påvisast i hjernen, og derfor utvikla Veterinærinstituttet nye metodar for å analysera både hjerne og lymfeknutar. Det har gitt mogelegheiten til å gå tilbake og testa lymfeknutane frå villreinen som vart drepen i 2016. – Dette er prøvar som har vore fryselagra ved Norsk Institutt for naturforskning (NINA), og som no har vorte analysert ved Veterinærinstituttet. Det har vore ynskjeleg å få testa fleire lymfeknutar, og det er gledeleg at alle prøvane var negative. Me kan enno ikkje erklæra Hardangervidda fri for skrantesjuke, og det er derfor viktig at det vert sendt inn prøvemateriale både frå hjerne og lymfeknutar frå villrein felt under jakta 2018. Dette er den einaste måten me kan få kunnskap om eventuell smitte på Hardangervidda, seier CWD-koordinator Jørn Våge ved Veterinærinstituttet. |