Meny Lukk

Ny strategi for økologisk produksjon

Regjeringa la fredag fram ein nasjonal strategi for økologisk jordbruk. Det har dei siste åra vore ein sterk vekst i etterspurnaden etter økologisk mat. Målsettinga er at økologisk produksjon skal seg i takt med etterspurnaden frå forbrukarane

jordbruket
For å nå dette målet vert det etablert eit eige dialogforum og eit økologiprogram ifylgje nettsidenetil Landbruks og matdepartementet og Miljø – og klimadepartementet.

– Den sterke veksten i omsetnad av økologisk mat gir mogelegheiter for norske bønder som vil legga om eller auka sin økologiske produksjon. Potensialet er særlig stort for økologiske grønsaker, kornprodukt og frukt seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

I økologisk produksjon vert det stilt ekstra krav til dyrevelferd og miljø. Det er mellom anna ikkje tillate med bruk av kjemisk-syntetiske plantevernmiddel og mineralgjødsel, noko som har positiv effekt for biologisk mangfald, jordkvalitet og jordstruktur.

– Økologisk jordbruk er ein miljøvenleg måte å produsera mat på. Økologisk jordbruk er bra for biologisk mangfald, og kunnskap frå økologiske driftsformer kan overførast og bidra til at jordbruket vert meir miljøvennleg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Hovudgrepa i strategien er følgande:

  • Ta initiativ til å etablera eit dialogforum der sentrale aktørar innan økologisk produksjon, foredling, omsetnad og forbruk kan møtast for ein meir samordna innsats.
  • Etablera eit «Økologiprogram» som med utgangspunkt i utfordringar i verdikjeda, bidreg til ein meir målretta og effektiv bruk av verkemiddel over jordbruksavtala.

Strategien legg vidare opp til å retta innsatsen inn mot tre område: Kunnskap og kompetanse, legga til rette for økologisk produksjon og utvikling av ei effektiv verdikjede.

– Det er utfordringar i verdikjeda, og det er viktig at dette vert tatt tak i. Me må ha ei sterkare kobling mellom produksjon og marknad, der signala frå forbrukarane i større grad når produsentane. Difor er samarbeid og dialog gjennom heile verdikjeda eit viktig satsingsområde seier Dale.

Ei arbeidsgruppe beståande av Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Bondelag og Økologisk Norge har utarbeida eit notat med innspel til strategien, noko som har vore eit viktig bidrag i arbeidet. Det vart òg sett ned ei referansegruppe for å sikra ei bred involvering av relevante aktørar i heile verdikjeda, det har vorte arrangert eit innspelsmøte og aktørar har vorte oppfordra til å senda inn skriftlege innspel til Landbruks- og matdepartementet.

Satsing på økologisk jordbruk i jordbruksoppgjeret 2018

– I årets jordbruksoppgjer har partane vorte einige om ei auka satsing på økologisk jordbruk på 9,2 millioner kroner, noko som gjer ei totalt avsetning til økologisk produksjon på 172,8 millioner kroner. Det vert òg gitt auka tilskott til økologiske grønsaker, frukt, bær og poteter samt mjølkeku seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Av dei 172,8 millionar kroner som er løyv til økologisk produksjon og forbruk over jordbruksavtala, er 139,8 millionar kroner avsett til økologisk produksjon og marknadsutvikling (produksjonstilskott til økologisk produksjon som blir gitt i tillegg anna produksjonstilskott) og 33 millionar kroner til utviklingsmidlar innan økologisk jordbruk. Utviklingsmidla vert brukt til tiltak og prosjekt i heile verdikjeda – til å fremja både økologisk produksjon og omsetnad av økologiske produkt, og inkluderer òg 2 millionar kroner til Matmerk for informasjonsarbeid og marknadsføring av økologisk mat.

– Eit viktig tiltak i årets jordbruksavtale er at det frå 2019 skal utbetalast tilskot på areal under omlegging til økologisk drift allereie frå fyrste året. Det er eg særs nøgd med at me har fått til. Aukt økologisk areal vil bety større produksjon av norske, økologiske produkt. Det vil også koma forbrukaren til gode gjennom større utval av økologiske varer i butikken, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: