– Me veit at det i dag er mange som står som ufaglærte i yrke dei både meistrar og trivs i. No skal me gjera det enklare for dei å ta dei fag- og svennebreva dei allereie nesten er kvalifiserte for, seier kunnskaps – og integreringsministeren i ei pressemelding

krevande-brukarar

Stortinget gav sin fulle støtte til regjeringa sitt framlegg om å innføra ny modell for å ta fagbrev medan ein står i jobb. Kunnskaps- og integreringsminister, Jan Tore Sanner, trur ordninga kan sikra at endå fleire vert faglærte og står i jobb lengre.

Det vert dermed opna for å ta fagbrev på jobb frå hausten 2018. I dag må ein enten ha fullført læretida som lærling eller ha minimum fem års heiltidspraksis i faget for å melda seg opp til fagprøven.

Sanner trekk spesielt fram dei mange ufaglærte i helse- og omsorgssektoren som no kan få mogelegheiten til å opparbeida seg formell kompetanse. – Me veit at mange som jobbar i helse- og omsorgsyrke, jobbar deltid og slit med å oppnå fem års praksis for å ta fagprøven. Dette er ein veldig god nyheit for dei, og så er det godt nytt for kommunar og andre arbeidsgjevarar. Det er stort behov for fleire faglærte i denne sektoren.

Ynskt ordning frå mange aold

Forsøksordninga, som er grunnlaget for modellen, har vist at det er mogeleg å gå opp til fag- eller svenneprøven på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring i ordinært arbeid.

Ei rekke henvendingar i høyringsrunden har vist at ordninga er ettertrakta for både fylkeskommunar, bedriftar og enkeltpersonar.

– Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på framlegget når eg har vore ute på besøk. Målet er sjølvsagt at fleire vaksne skal ta fagbrevet samtidig som dei kan behalda løna arbeid og får opplæring i arbeidstida, men krava til fagbrev er dei samme for desse kandidatane som andre, seier Sanner.

Styrkar spesielt sårbare grupper

Kandidatane skal gå opp til den samme fag- eller svenneprøven som lærlingar og avlegga dei samme eksamenane som praksiskandidatar, slik at dei oppnår samme kompetanse som andre fagarbeidarar.

– Terskelen for å ta fagbrev, kan vera veldig høg når det å signerai ein lærlingkontrakt også betyr at familien mistar ei viktig inntekt. Eg vonar og trur at den nye ordninga senkar terskelen og styrkar sårbare grupper sine mogelegheiter til å få eit viktig kompetansebevis, seier kunnskaps- og integreringsminister Sanner.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese