Medan ni prosent av medieverksemdene nasjonalt er i Hordaland, står fylket for 10 prosent av årsverka og verdiskaping. Ser ein bort frå Oslo, er Hordaland det største mediefylket i landet. Hordaland er, saman med Trøndelag, dei einaste fylka med ei positiv utvikling i talet på årsverk

medieneringa
Ein ny rapport viser at medienæringa i Hordaland hadde 336 verksemder i 2016 – ein vekst på 17 prosent frå 2012. Dette er første gang medienæringa har vorte kartlagt som eiga næring i Noreg, fortel Hordaland fylkeskommune på nettsidene sine.

Den nye rapporten presenterer nøkkeltal for mediebransjen mellom 2003 og 2016. Den er utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune – og viser tal på både nasjonalt og regionalt nivå.

– Rapporten undersøker medienæringa på ein måte som ikkje er gjort tidlegare. Dette er ei næring i vekst i Hordaland og det er interessant å sjå at fleire av selskapa i fylket hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Fødselshjelpar

Rapporten viser at verdiskapinga for medienæringa i Hordaland i 2016 var på 2,8 milliardar kroner totalt – ei auke på sju prosent frå 2012. I den samme perioden auka den samla omsetninga med 5 prosent til 6 milliardar kroner.

Driftsresultatet for medienæringa hadde derimot eit fall. Frå 2012 til 2016 gjekk det ned 16 prosent til 239 millionar kroner totalt. Talet på årsverk i medienæringa i Hordaland i 2016 var 3233.

Hordaland fylkeskommune har ei viktig rolle som regional utviklar i medienæringa, og har vore med å finansiera ei rekke ulike prosjekt.

– Me var med som fødselshjelpar i den tidlege finaniseringa av medieklynga NCE Media. Dei spelte igjen ei viktig rolle i samlokaliseringa av bransjen i Media City Bergen, seier Kårbø.

Fylkeskommunen var også med å finansiera inkubatoren Mediekuben – eit innovasjonsmiljø med både oppstartsselskap og etablerte selskap i bransjen.

Bergen dominerer

Det geografiske tyngdepunktet for medienæringa i fylket, er ikkje uventa i Bergen med 251 bedrifter i bransjen. I tillegg til å ha store mediehus som NRK, TV2 og Bergens Tidende, er det også mange bedrifter innan medieteknologi. Ein av desse bedriftene er Wizrt som leverer grafikkløysingar til tv-selskap i heile verda. Medienæringa i andre kommunar i Hordaland handlar i hovudsak om verksemda til lokalavisene.

Julie Andersland, byråd for klima, kultur og næring i Bergen kommune framhevar medienæringa si betyding.

– Medienæringa og medieklynga er veldig viktige for Bergen, og kommunen har eit utmerka samarbeid med NCE Media, som jo representerer ein bransje som er både nyskapande og bærekraftig. Eg er overtydd om at satsinga på til dømes  Media City har gitt heile næringa eit løft, seier ho.

Hordaland størst utanfor Oslo

Ser ein på tala for resten av landet, skil Oslo seg ut med i overkant av ein tredjedel av verksemdene i medienæringa. Dei 336 mediebedriftene i Hordaland utgjer omtrent ein tredjedel av talet på medieverksemder i hovudstaden.

Medan ni prosent av medieverksemdene nasjonalt er i Hordaland, står fylket for 10 prosent av årsverka og verdiskaping. Ser ein bort frå Oslo er Hordaland det største mediefylket i landet. Hordaland er, saman med Trøndelag, dei einaste fylka med ein positiv utvikling i talet på årsverk.

– Tala i rapporten gir oss ein god oversikt over tala i næringa, noko som gjer det mogleg å fylgja utviklinga. Ei slik oversikt har også vore etterspurd av næringa sjølv, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune.

Medienæringa som eiga næring

Medienæringa i Noreg veks. Samtidig manglar ei felles forståing for kva medienæringa omfattar. Den nye rapporten skal vera eit supplement til eksisterande næringsanalysar for å gi eit meir presist bilete av storleiken og lønsemda i næringa. Dette er første gang medienæringa vert kartlagt som eiga næring. Mange analysar undersøker «kreativ næring», men dette er eit vidare omgrep.

Kjernen i det som vert omtala som medienæringa i rapporten, er det som handlar om produksjon og formidling av nyhende og underhaldning på TV, kino eller strøymetenester og aviser og bøker. I tillegg kjem ulike støttenæringar som til dømes teknologiselskap. Totalt har medienæringa omkring 3800 bedrifter nasjonalt ifylgje rapporten.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.