Meny Lukk

Lov om høgare yrkesfagleg utdanning

– I dag har me fått til eit viktig løft for fagskulane. Den nye fagskulelova gir aukt kvalitet i fagskuleutdanninga, og vil bidra til aukt status for studentane og fagskuleutdanninga, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

yrkesfaglig-utdanning

Han fortel i ei pressemelding at Noreg treng fagarbeidarar. – Det er ekstra hyggeleg at denne lova kjem på plass no samtidig som me har sørga for 638 nye studieplassar ved fagskulane.

– Med denne lova likestiller me fagskuleutdanninga i større grad med universitet og høgskular. Fagskular vil no verta kategoriserte som høgare yrkesfagleg utdanning, studentane får styrka rettane sine, eksempelvis får studentane no rett på fødselspermisjon, seier Sanner.

– 2018 er yrkesfaga sitt år, og eg vil gratulera studentane og fagskulane med denne lova. Regjeringa har som mål å styrka yrkesfagutdanninga generelt, og fagskuleutdanninga spesielt, avsluttar Sanner.

Dei viktigast endringsforslaga kan du lesa på kunnskapsdepartementet sine nettsider.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: