9.juni 2018 er det 40 år sidan Stortinget vedtok Likestillingslova. Målsettinga var å fremja likestilling mellom kjønna, og då med særleg fokus på å styrka kvinnene sin posisjon
Lova vart innført då Oddvar Nordlie var statsminister, og har vorte eit av dei viktigaste virkemiddela me har for å pålegga mellom anna myndigheiter og arbeidsgjevarar å aktivt arbeida for likestilling mellom mann og kvinne. agenda magasin skriv at det derfor er treffande at me i år også markerer at det er 25 år sidan Rosemarie Köhn vart utnemnd til den første kvinnelege biskopen i Norden. Denne historiske augneblinken vart ein viktig siger for likestillinga i kyrkja, for no var kvinner også en del av leiinga i Den norske kyrkja. Dette gjorde at argumenta mot at kvinner i det heile tatt skulle kunna jobba som prester, fall på steingrunn. No, 25 år etter, er det like mange kvinnelege som mannlege biskopar i Noreg, og leiande biskop er ei kvinne. I tillegg er både den folkevalde leiaren for Kyrkjerådet, og Kyrkjerådet sin direktør ei kvinne. Det var nok ikkje mange i 1993 som såg føre seg at det skulle vera mogeleg. |