Meny Lukk

Lågaste folkeveksten på 20 år

I alt var det 12 kommunar i fylket som hadde folketalsnedgang i 2017. Me må tilbake til 2007 for å finna like mange kommunar med nedgang i Hordaland. Den prosentvise nedgang var størst i Fedje, Odda, Etne, Ulvik, Jondal og Samnanger

folkevekst
Befolkninga vert eldre, overskot av menn, lågare fødselstall og fråflytting av barnefamiliar frå Bergen. Den ferske rapporten «Hordaland i tal» syner og at den låge folkeveksten held fram fortel hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

Folkeveksten var på berre 0,5 prosent i fjor. Dette er den lågaste veksten på 20 år og alt tyder på at folkeveksten framover kjem til å ligge på eit lågt nivå. Folketalet i 2017 var 522 539 og auka var i reine tal 2 567 innbyggarar.

Nedgangen i vekst i fylket kan forklarast med lågare innvandring, lågare innanlands tilflytting og at fødselsoverskotet minkar. For samtidig som befolkninga vert eldre er fødselstala rekordlåge både i Hordaland og resten av landet. Fruktbarheita i Noreg har aldri vore lågare, med 1,62 barn per kvinne. I Hordaland vart det fødd 434 færre barn i 2017 samanlikna med 2016. Om denne utviklinga held fram, vert det enda færre yrkesaktive per pensjonist. På få år er dette talet endra frå 4,9 til under 4,3 innbyggarar i yrkesfør alder per pensjonist.

Barnefamiliane flyttar frå Bergen

Folketalsveksten var høgast i kommunane Fjell og Os. Begge hadde ein vekst på 2,1 prosent. Dette er dobbel så høg vekst som landsgjennomsnittet. Rapporten viser og at det er fleire som flyttar frå Bergen enn som flyttar til. Den einaste grunnen til at byen framleis veks, er fødselsoverskotet. Flyttetala viser at småbarnsfamiliane flyttar ut til nabokommunane i perioden før borna skal byrja på skule. Frå 2014 til 2017 sank talet på småbarnsfamiliar i Bergen med 389 hushald. I tal personar utgjer dette netto 1005 små barn og 735 foreldre.

Underskot av unge kvinner

I motsetnad til tidligare år er det ingen kommunar som har fleire kvinner enn menn i aldersgrupa 20-39 år. Alle kommunar hadde overskot av menn bortsett frå Askøy der det var like mange av begge kjønn. Det største underskotet av kvinner finn vi i Radøy kommune med 84 kvinner per 100 menn. Gjennomsnittet for Hordaland er 93 kvinner per 100 menn i aldersspennet 20 til 39 år, mot 96 på landsbasis.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: