Det er bustadmangel for humler i det moderne jordbrukslandskapet. No i sommar skal derfor forskarar i Sverige finne ut om utplasserte høyballar kan fungere som buplass og auke talet på pollinerarar i Skåne og Östergötland
Humler er blant dei viktigaste pollinerarane i landbruksdyrkinga. Å setja ut høyballar kan vera ein effektiv metode for å gjera livet betre for humlene og auka avlingane, skriv nettstaden landlantbruk.se.
Nationen skriv at over 90 prosent av alle blømande vekstar og to tredeler av dei viktigaste matplantane i verda er heilt avhengige av pollinerarar.
Heilt sidan 1950-talet har landbruks- og miljøvernmyndigheitene i Sverige tilrådd å plassera ut høyballar som buplassar for humler. Men kva type av ballar som fungerer best og kvar dei skal plasserast for å vere mest attraktive, er ikkje vitskapleg undersøkt.
No i sommar skal forskarar i Hushållningssällskapet i samarbeid med Lunds universitet få bønder til å setja ut endå fleire høyballar for å få spreiing på ulikt grasinnhald, alder og plassering.
Om lag 400 høyballar kjem til å vera med i granskinga og i 2018 skal forskingsprosjektet sjå på humleaktiviteten i dei utplasserte høyballane og samla inn erfaringar frå bøndene.
NPK