Meny Lukk

Hemmeleg hovudattraksjon på Bygdalarm 2018

No er Klubblarm-programmet og klart,og Bygdalarm dristar seg til å påstå at det har vore verd å venta på. – Programmet er komplett,og med 25 dagar att før det brakar laus,er det verd både salutt og kalas meiner pressetaus Maria Pile Svåsand

bygdalarm
Pressetausa fortel i ei pressemelding at det vert to klubbar i år også: Klubb Nistagato er teltforlenginga av Naboen pub, og Klubb Straumen er i kjøpesenteret Straumen. – Dette vert som ein skikkeleg heime-åleine-fest i dei områda av senteret som ikkje er butikklokale,med lounge på parkeringsplassen og dansegolv i trappegangen. Me lovar ei klubbhending du aldri har sett liknande til i heile ditt liv!

Over til dei som skal skapa stemninga og spela musikken:

Fredag vert det høglytt godstemning når astronautbandet Romskip lagar fest på Klubb Nistagato. Festen fortset når Great News snurrar plater til langt på natt. I Klubb Straumen vil Safri Trio by på disco og rølp.

Laurdag vert det Bygdaboogie i Straumen: – Etter ei årelang rekkje med suksessfulle Bunad – og Jolaboogies i by og bygd, held den ultimate dansehendinga fram med Bygdaboogie, fortel Svåsand.

I teltet i Nistagato, vil Shakanaka spele først. Bergensduoen har allereie spelt på Bergenfest og Victoria, og fått ein seksar for låta Medisin, i Bergens Tidende. – Skranglete og deilig, få det med deg,.

Det Multitati som får avslutta Bygdalarm 2018. Ho er mest kjend som artisten Miss Tati, men når ho tek på seg DJ-hatten og vert til Multitati, spelar ho alt frå hip-hop, R&B og funk til disco og house. – Deilig musikk for deilige menneske, meiner Svåsand.

Dette er altså etter at Kvelertak, Silvana Imam, of Montreal, Hjerteslag, Great News, Hajk og Mikhael Paskalev og ei enorm overrasking laurdagen, har skapt heilt hinsides god stemning på sletta i Norheimsund.
– Jadå, me køyrer oss opp med hemmeleg hovudattraksjon – men lovar at det er verd det når nyheita kjem, seier Maria Pile Svåsand.

Les meir om bygdalarm 6. – 8.juli.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: