Meny Lukk

Halve Noreg mottok pengar frå Nav i fjor

Annankvar person busett i Noreg mottok ein stønad frå Nav minst éin gong i 2017. Ein av tre i arbeidsfør alder mottok ei yting som erstatning for inntekt, skriv hegnar.no

navere

Det vart utbetalt 421 milliardar til personar busette i Noreg i fjor. I gjennomsnitt vart det utbetalt 80.000 kroner per innbyggar, viser årsstatistikken for 2017 som Nav publiserte tirsdag.

Alderspensjonistar toppar lista (953.800 personer), fylgd av mottakarar av barnetrygd (726.600) og sjukepengar (497.800).

– Sjølv om mange av mottakarane får utbetalt alderspensjon og barnetrygd, ser me likevel at kvar tredje innbyggar i arbeidsfør alder mottok ei livsopphaldsyting frå Nav i løpet av fjoråret, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Høgast i Aust-Agder

Ytingarr til livsopphald er sjukepengar, dagpengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og andre ytingar som knyt seg til arbeid eller sjukdom. Til saman vart dette til 172 milliardar kroner i fjor og vart utbetalt til 1. 152.000 personar.

Det betyr at kvar tredje person (34 prosent) i alderen 18–66 år som var busett i Noreg i fjor, mottok ei slik yting minst éin gong i løpet av året. På månadsbasis var andelen éin av fem (20 prosent). Oslo ligg lågast med 15 prosent og Aust-Agder høgast med 27 prosent.

209 milliardar kroner var pensjonsutbetalingar, 172 milliardar var arbeids- eller sjukdomsrelaterte ytingar, 36 milliardar var ytingar til foreldre og 4 milliardar var utbetalingar av øvrige stønader.

Alderspensjonister

Auke i utbetalingane til personar busette i Noreg frå 2016 til i fjor, var på 11 milliardar kroner (3 prosent). Det aller meste av veksten skuldast at det vart utbetalt 9 milliardar meir til alderspensjonistar (5 prosent auke) og 3 milliardar meir til mottakarar av uføretrygd (4 prosent auke).

Dagpengar hadde ein reduksjon på 1,4 milliardar kroner (9 prosent reduksjon). Ifylgje Nav speglar dette betringa i arbeidsmarknaden og nedgangen i arbeidsledigheita gjennom året.

For dei øvrige stønadane var det mindre auke og reduksjonar som i sum tilsvarer 0,3 prosent auke fra året før.

Nav-utbetalinger til personer per fylke og kommune 2017:

  • I 2017 rekneskapsførte Nav utgifter på til saman 506 milliardar kroner
  • 429,4 milliardar kroner vart utbetalt i Nav-ytingar til personar
  • 421 milliardar kroner vart utbetalt til personar busette i Noreg
  • 7,1 milliardar kroner vart utbetalt til personar busette i utlandet
  • 1,3 milliardar kroner vart utbetalt til personar med ukjent bustad

(©NTB)

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: