Meny Lukk

Frå 470 takstsoner til 7 i Hordaland

Fylkestinget i Hordaland har vedteke å redusera talet på takstsoner for kollektivtrafikken i Hordaland frå 470 til 7. Dette skjer frå onsdag 1. august

buss
– Ny takstsonestruktur i Hordaland er eit viktig og naudsynt tiltak for å gjera det lettare å reise kollektivt i heile fylket. Målet med forenklinga er å få fleire kollektivreisande, slik det er skildra i kollektivstrategien for Hordaland fram mot år 2030, seier Hanne Alver Krum, leiar for sals- og marknadsavdelinga i Skyss på Hordalandfylke sine nttsider.

Nye sonegrenser

Pendlar- og passasjerstraumar, skulekrinsar, kommunegrenser, tettstader, knutepunkt og naturlege grenser sett av fjord og fjell har vore førande i arbeidet med å utarbeida den nye sonestrukturen. Likevel vil dei nye sonegrensene nokre stader kryssa kommunegrenser eller buss- og vegsamband.

Det som i dag blir omtalt som sone Bergen, får namnet «Sone A» og vert vesentleg større enn i dag. Her er det teke omsyn til dei store pendlarstraumane frå nord, vest og sør. Sone A inkluderer kommunane Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Os.

– Svært få vil kryssa soner i den nye modellen. Dei aller fleste kollektivreisande, om lag 95 prosent, vil reisa innafor ei sone. Innføring av ny takst- og sonemodell gir ein enklare kvardag for dei aller fleste kollektivreisande i fylket vårt, seier Hanne Alver Krum.

Endringar i billettar og prisar

Det vert også enklare å kjøpa billett. Frå og med 1. august kan appen «Skyss Billett» nyttast i heile fylket.

– Dette trur me mange vil setta pris på, i sone Bergen brukar i dag om lag 70 prosent appen som betalingsmiddel, seier Hanne Alver Krum.

Enkeltbillett vil vera gyldig i 90 minutt innafor ei sone, og i 30 minutt ekstra for kvar ekstra sone du betalar for. Innanfor kvar sone vert det éin pris i heile sona. Om du skal kryssa ei sonegrense, vert billetten dyrare etter kor mange grenser du kryssar. Makspris for enkeltbillett vert fire soner, og tre for periodebillettane.

Ombordtillegget på enkeltbillettar for vaksen, barn og honnør vert utvida frå dagens sone Bergen til heile Sone A, det vil seia pristillegg ved kontant betaling om bord. Om du kjøper billetten i «Sone A» om bord, må du betala ombordtillegg sjølv om du skal reisa over fleire soner. Også ordninga med kommisjonærbillettar vil etter kvart verta utvida med salsstadar utafor Bergen slik at fleire reisande får alternativ til kontant betaling om bord.

Informasjon til reisande

Detaljert informasjon med prisar og sonekart

Skyss informerer også på plakatar og skjermar om bord i transportmiddela og på terminalar. Frå 1. august vil det og vera informasjonsfaldarar tilgjengelege i bussane, der dei reisande mellom anna finn informasjon om korleis ein tar i bruk mobil-appen. Skyss mobilapp vil verta oppdatert med nye soner og prisar frå og med 1. august 2018.

Det nye sonekartet frå 1. august finn du på fylkeskommunen sine nettsider.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: