Einsemda blant ungdom i Hordaland er høgare enn den har vore tidlegare og så mange som 26 prosent av elevane i vidaregåande skule seier dei er plaga av einsemd. Det er fleire jenter enn gutar som er plaga ifylgje hordaland fylkeskommune sine nettsider
Tala er henta frå ei ny rapport frå serien Ungdata, som er ei spørjeundersøking i fylka. At så mange som 26 prosent av elevane i vidaregåande skule seier at dei har vore plaga med einsemd er ein del av ein tendens ein har sett dei siste åra.
– Både i Hordaland og resten av landet er det fleire unge som melder om det ein kan kalle lettare depresjonar og at dei kjenner seg utanfor fellesskapet. Dette er noko skulane er medvitne om. Me ynskjer at skulane skjerpar merksemda på ungdom som kjenner seg einsame eller ikkje inkludert og har nyleg hatt eit møte med alle rektorane i fylket med tema «Læring, læringsmiljø og psykisk helse», seier Svein Heggheim, fylkesdirektør for opplæring i Hordaland fylkeskommune.
Han seier vidare at med endringane i opplæringslova kap. 9A er alle tiltak som kan bidra til eit trygt og godt skulemiljø, noko skulane i fylket skal ta tak i.
– Det heilt grunnleggande er verdien av å bli sett, å merka at nokon bryr seg,seier Heggheim.
Jenter mest einsame
Av jentene på vidaregåande svarte 33 prosent at dei kjenner seg einsame, mot 17 prosent av gutane. Både gutar og jenter er meir plaga med einsemd på vidaregåande skule enn i ungdomsskulen.
– Det er vanskeleg å forklare denne skilnaden, men mange har eit inntrykk av at gutane i høgre grad finn fellesskap gjennom aktivitetar, medan jentene er meir avhengige av nære relasjonar til venninner også utanom bestemte aktivitetar. Dette mønsteret blir truleg klarare i vidaregåande skule, sidan etablerte nære relasjonar hjå jentene blir brotne opp og det kan vere meir krevjande å skape nye, seier Svein Heggheim.
Familieøkonomi
Undersøkinga viser at dei som ikkje er med på fritidsaktivitetar er meir einsame. Det same gjeld dei som har opplevd dårleg familieøkonomi. Familieøkonomien påverkar også mange andre forhold, deriblant kor ofte ungdommane et frukost, bruken av rusmidlar og kjensla av tryggleik i nabolaget.
Rapporten gir eit innblikk i korleis ungdommane i kommunane i Hordaland har det. Samanhengane er kjent på nasjonalt og internasjonalt nivå. Det nye i rapporten er at resultata blir framstilt tydeleg på lokalt nivå.
– Dette er første gong at tala frå Ungdata blir presentert på denne måten. Rapporten går meir i djupna ved at den seier noko om kven som til dømes er einsame eller mistrivast i skulen, seier Kathrin Jakobsen, seksjonsleiar for forsking, internasjonalisering og analyse i Hordaland fylkeskommune. Men ho understrekar at rapporten ikkje kan slå fast kvifor situasjon er slik for ungdommane.
Friske og aktive
Undersøkingane viser at dei fleste ungdomar i Hordaland er friske og aktive, har fleire vener og trivst godt i sitt nærmiljø. Ungdom røyker, drikk og snusar mindre og mindre. Dei har engasjerte foreldre og opplever at dei har eit godt forhold til foreldra sine. Dette samsvarar med tala for resten av landet. Likevel er det ei rekke utfordringar som kjem fram i ungdataundersøkinga.
Skjermtid og søvnproblem
Ungdommane sit for eksempel mykje framfor skjermar, noko rapporten ser i samband med både kjensla av einsemd og søvnproblem. Av dei som sit meir enn seks timar føre ein skjerm, utanom skuletid, svara svært mange at dei også har søvnproblem.
Rapporten tek også føre seg kven det er som trivast i skulen. Dei som er med på organisert fritidsaktivitet, trenar og opplever at nærmiljøet har eit godt tilbod for unge trivst betre.
Dei som mistrivs i skulen skulkar også meir. Skulehelsetenesta er og eit av hovudtemaene i rapporten. Rundt halvparten av ungdomane nyttar denne tenesta, og det er også slik at dei som slit med symptom på depresjon, nyttar tenesta både i større grad og oftare. Men det er stort potensiale for å nå fleire.
Fakta
- Ungdata er ei spørjeundersøking som er retta mot ungdom i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Meir enn 15 000 ungdommar frå Hordaland deltok i 2017.
- Ungdata blir administrert nasjonalt via Velferdsforskningsinstituttet NOVA
- Gjennomføring og tilrettelegging lokalt i Hordaland blir gjort i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune ved Opplæringsavdelinga og Regionalavdelinga, kommunane og KoRus Vest Bergen
- Ved utgangen av 2017 hadde 31 av 33 kommunar i Hordaland gjennomført Ungdataundersøking i ungdomsskulen og/eller vidaregåande skule dei tre siste åra (2015-2017).
- Den nye rapporten frå Hordaland fylkeskommune (AUD-rapport 09/2018) er basert på Ungdata-undersøkinga