Fleire daglegvarebutikkar fjernar no eingangsgrillar frå hyllene på oppfordring frå Norsk brannvernforeining. Bakgrunnen er faren for skogbrannar
Grilling i 2016, bilete: Ivar Nistad
Ifylgje hegnar.noseier informasjonsansvarleg Anette Grønby Rein i Kjøpmannshuset Norge til P4 at det er openberrt at eingangsgrillane utgjer ein stor fåre. – Me ynskjer å bidra til å minska risikoen for skogbrann og gjera det me kan gjera, seier ho.
Kjøpmannshuset er eit datterselskap i Norgesgruppen og driftar kjedane Joker, Spar og Nærbutikken, med nesten 900 butikkar i Noreg. Dei ber no alle sine butikkar frå Trøndelag og sørover om å fjerna eingangsgrillane frå hyllene.
Norsk brannvernforening sa onsdag til P4 at norske butikkar bør slutta å selgja eingangsgrillar. Det varme veret dei siste vekene har ført til ekstrem skogbrannfare over heile Sør-Noreg og fleire fylke og kommunar har innført totalforbod mot open eld i naturen.
Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernforening ber folk legga frå seg tanken om å ta med seg eingangsgrillen ut.
– No er tida komen for kald mat i skog og mark.
Korkje Coop, Rema 1000, Meny eller Kiwi vil førebels stoppa salet. Dei opplyste til P4 Nyhetene onsdag at dei har hengt opp plakatar i butikkane der dei informerer om den store brannfaren.
(©NTB)