Meny Lukk

Fjorten nye utvalde kulturlandskap i jordbruket fram mot 2020

No vert det arbeidd med å få på plass 14 nye landskap i ordninga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket» fram mot 2020. Ni nye område er på plass i 2018 og i 2020 kjem Ullensvang inn på lista

jordbruket-bloming
Fruktbløming i Hardanger, bilete Randi Fresvik

 

Innan 2020 vil vi ha 46 utvalde kulturlandskap i jordbruket i, noko som er ein dobling sidan 2016. I år er 22 millionar kroner satt av over budsjettet til Klima- og miljødepartementet og 8 millionar kroner over jordbruksavtala. Frå og med 2019 aukar middela over jordbruksavtalen med ytterlegare 3 millionar kroner, ifylgje nettsidene til Klima – og miljødepartementet.

Dei nye områda i 2018 er:

  • Helgøya i Hedmark
  • Stølsvidda i Oppland
  • Furøya i Agder
  • Suldal i Rogaland
  • Midtre Lærdal i Sogn og Fjordane
  • Norangsdalen – Hjørundfjorden i Møre og Romsdal
  • Klevgarden i Trønderlag’
  • Frostating i Trønderlag
  • Røst i Nordland

    Viktige miljøverdiar

    – FNs globale berekraftsmål seier at me skal styrka innsatsen for å verna om og sikra verdas kultur- og naturarv og setja i verk tiltak for å stansa tap av naturmangfald. Med den auka satsinga me no har fått, vil ein oppnå at landskap langs kysten, ved fjorden, i innlandet og på fjellet, vert tatt vare på. Eg er dessutan også oppteken av at tiltak i desse landskapa kjem insekt og pollinerande artar til gode, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.Les meir om dei utvalde kulturlandskapa hjå Landbruksdirektoratet
    Nasjonal verdi
    – Kulturlandskapa er av nasjonal verdi, og denne ordninga bidrar til å ta vare på desse områda i mange år framover. Eit aktivt jordbruk med god utnytting av beiteressursar og lokalt engasjement, er naudsynt for å ta vare på natur- og kulturverdiar. Verdiskaping basert på kulturlandskapet sine verdiar er også eit viktig satsingsområde for denne ordninga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei ordning som er basert på frivillig samarbeid og stort lokalt engasjement. Jordbruket bidrar til ta vare på kulturlandskapet, som med sine kulturminne og naturmangfald har stor verdi. Områda utgjer eit eksklusivt utval nasjonalt og dei gir grunnlag for flotte opplevingar i kommunar og regionar der både fastbuande og tilreisande kan ha glede av landskapa no og i framtida.

    10 års jubileum i 2019
    – Me er begge stolte av dette vellukka samarbeidet mellom myndigheiter, gardbrukarar og andre lokalt engasjerte rundt om i dei utvalde landskapa over heile landet, seier ministarane. Til neste år er det ti år sidan dei første 20 utvalde områda vart utpeika og det ønskjer me å markera, fortset Dale og Elvestuen.

    Desse områdene kommer med i 2019 og 2020

    Hedmark, Finnebosetninger (kommer med i 2019)
    Hordaland, Ullensvang (kommer med i 2020)
    Trøndelag, Austrått (kommer med i 2019)
    Finnmark, Skoltebyen i Neiden (kommer med i 2020)
    Eit samarbeid mellom miljø- og landbruksmyndigheitene
    Miljømyndigheitene og landbruksmyndigheitene har etablert eit godt samarbeid og fleire ordningar bidreg til å ta vare på kulturlandskapet. Det er Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet som har utpeikt dei nye utvalde kulturlandskapa etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: