Kulturskulerektorane i Odda, Jondal og Ullensvang søkte om saman å få status som syngande kommune. – Dette prosjektet søkte me om for å styrka fellesskapet over alle slags grenser, seier kulturskuklerektoren i Odda, Eldbjørg Furholt

synge
I samtale med programsekretær JK Flattun fortel ho at prosjektet «Syngande Ullensvang» er eit omfattande konsept som strekker seg inn i alle lag av lokalsamfunnet og status som syngande kommune varer frå 2018 til og med 2020

– Det handlar om song og helse, song og barn og unge, song og eldre menneske, song i lokalsamfunnet og i kvardagen. Det betyr og at me skal inn i skular og barnehagar, eldreinstitusjonar med meir.

Furholt vonar at ein gjennom synlege og høyrbare arrangement skal klara å inspirera det ho kallar «Hvermannsen» til å ta tak sjølv og la seg inspirera til å ta songen inn i si private sfære og gjera noko der.

– Det er spanande no når Odda, Jondal og Ullensvang skal verta ein ny kommune at ein brukar songen til det fellesskapsverktøyet den kan vera. Det er snakk om ta eit felles løft slik at mange av oss kan kjenna på det å vera på samme arena.

Det vert generelt sunge mindre enn i dag det vart før. – Det vert sunge på skular, men jamt over er det mindre sang enn før og kanskje vanskelegare å rekruttera nye til song, seier Furholt. – Derfor er det viktig at me ikkje berre ser på kva som har vore, men prøva å finna ut av kva dette kan verta.

Furholt fortel at kvar av dei tre kommunane har sitt eige etablerte songutval. – Dei arbeider stadig meir saman og det vert lagt både kortsiktige og langsiktige planar.

Kvar kommune skal ha sitt eige kick – off arrangement og i Odda er det onsdag 13.juni. – Då er alle hjarteleg velkomne til å lytta og sjølvsagt vera med og synga.

Då byrjar det med allsang for barnehagane i Odda i kinosalen, der skal over 200 born samlast og synga av sine lungers fulle kraft.  På kveldstid er det på Iris Scene det skjer for alle som vil vera med.

Furholt understrekar at ein ikkje må ha ei god røyst for å vera med og synga. – Uansett korleis røysta di høyrest ut, får du ein positiv effekt av å synga.

På nettsida krafttak for sang kan du lesa meir om prosjektet.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.