I år kan det forventast angrep av rognebærmøll i eple. Det er fleire år sidan det har vore så klare prognosar

Epler

Mengden bær på rogna avgjer om rognebærmøll angrip eple eller ikkje skriv Geir Kjølberg Knudsen, forskar – Divisjon for bioteknologi og plantehelse, på
www.nibio.no.

I år er det ein kraftig nedgang i antal blomeklasar i distrikt der varslinga av rognebærmøll vert gjennomført. Det kan derfor forventast angrep av rognebærmøll i eple i 2018. Det er fleire år sidan prognosane har vore så klare når det gjeld angrep i eple. Det kan likevel vera lokale variasjoner i kor hardt angrepet vert, det er særdeles viktig med lokal kunnskap om kor utsette dei enkelte eplefelta er for rognebærmøll.

I samarbeid med Norsk Landbruksrådgivning bereknar NIBIO kvart år prognosar for om det kan forventast angrep av rognebærmøll i eplehagane. Prognosane vert publisert på VIPS (Varsling Innan PlanteSkadegjerarar). Prognosane er viktig informasjon for epledyrkarar og rådgjevingstenesta som dermed kan avgjera om tiltak er naudsynt. Prognoseberekningane er eit viktig tiltak i integrert plantevern for å redusera bruken av sprøytemiddela.

Liten sommarfugl

Rognebærmøll er ein liten sommarfugl som lever i rogn. Larva til denne sommarfuglen gneg inne i rognebær. Når det er for lite bær på rogna, kan rognebærmøll angripa eple i staden. I angripen frukt lagar larvene først eit lite hol i skalet, kor det etter kvart siv ut litt plantesaft som tørkar til eit kvitt pudder. Seinare går larvene djupare inn i fruktkjøtet og lagar lysebrune gangar. Meir informasjon om rognebærmøll kan finnast i Plantevernleksikonet.

Forventar angrep i alle distrikt

Det har vore ein svak auke i antal blomeklasar på rogn frå 2014 til 2016 og så ein kraftig auke i 2017. Dermed har populasjonen av rognebærmøll også auka, i takt med tilgangen på mat. Snylteveps, som lever av rognebærmøll, vert også registrert. Desse held ikkje heilt tritt med auken av antal rognebærmøll. Overlevinga for rognebærmøll gjennom vinteren 2017-2018 har derfor vore høg. Kombinert med ein nedgang i klasetal i 2018 vil tilgangen til rogn vera begrensa og møllen er tvungen til å finna ein alternativ vertsplante. Det kan derfor forventast angrep i eple i alle distrikt. Det er fleire år sidan det har vore så klare prognosar på angrep i eple.

Det vil likevel vera viktig med lokal kunnskap om kor utsett dei enkelte eplefelta er for angrep av rognebærmøll. Det er fleire hjelpemiddwl for å vurdera dette, eksempelvis dyrkarane sine eigne erfaringer, overvåkning av innflyging med luktfeller og tidlegare års erfaringar gjort med skaderegistreringar frå usprøyta kontroll. Epledyrkarar bør søka råd hjå den lokale rådgjevingstjenesta. Det fins ikkje effektive sprøytemiddel mot rognebærmøll som er tillete brukt i privathagar.

Luktfeller

Overvåkning med luktfeller kan gje tilleggsinformasjon om angrepet. Det er utplassert feller i fleire regionar i regi av NIBIO og Norsk Landbruksrådgivning.

Dersom planteverntiltak vert gjennomført, vert det sterkt anbefalt å setta igjen usprøyta kontrolltrær for å ha eit grunnlag for å evaluera effekten av tiltak og for å få erfaring med lokale variasjonar i kor utsette dei enkelte eplefelta er for angrep. Varsling og overvåking av skadeorganismar er viktige tiltak i integrert plantevern. Skaderegistreringar og evaluering av planteverntiltak etter endt sesong, er også eit av kjerneprinsippa for integrert plantevern.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.