Meny Lukk

Auksjon over akvakulturløyve

Etter fleire år med liten vekst, har regjeringa opna for meir produksjon i laksenæringa. Nye lakseløyve skal selgjast gjennom ein open auksjon. Detaljerte reglar for denne auksjonen er no klare. Dei er omtrent som framlegget som var på høyring i vår

oppdrett

Nærings – og fiskeridepartementet fortel i ei pressemelding at alle som vil delta på auksjonen av nye lakseløyve, kan no registrera seg. Siste frist er 4. juni.

– No har me i tillegg fastsett minsteprisar, som vil vera utgangspunktet når auksjonen startar. Den er sett til kr 120 000 pr. tonn, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Fiskeridirektoratet har opna for registrering til auksjonen på nettsidene sine. For å registrera seg må bodgjevar mellom anna stilla ein bankgaranti, og signera erklæringsskjema der auksjonsreglane vert aksepterte.

Registreringsfristen er sett til 4. juni og auksjonen har oppstart 18. juni. I forkant av auksjonen vert registrerte bodgjevarar inviterte til å delta på ein nettbasert prøveauksjon 14. juni.

Det vil verta gjennomført informasjonsmøte om auksjonen 29.-30. mai. På informasjonsmøtene vil det verta gitt ein gjennomgang av auksjonsreglane og registreringsprosessen. Departementet bed om at interesserte melder seg på til informasjonsmøtene ved å henvenda seg til Fiskeridirektoratet på auksjon@fiskeridir.no.

Av omsyn til at det vert gitt lik og samtidig informasjon om auksjonen til alle interesserte, vil det ikkje verta gitt nokon ny informasjon på informasjonsmøtene. Det vil kun vera ein gjennomgang av materiale som allereie er skriftleg tilgjengeleg.

Les meir på Fiskeridirektoratet sine nettsider som orienterer om at tildelingen er ein del av kapasitetsveksten, som er vedteken som fylgje av etableringa av «trafikklyssystemet» for lakseløyver.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: