Regjeringa vil bruka 30 millionar kroner til å fremja leselyst i Noreg i Bokåret 2019. Nasjonalbiblioteket skal fordela pengane, som skal gå til bibliotek og andre institusjonar som formidlar leseglede i Noreg

boker
Dette er den største satsinga på lesing i Noreg sidan tidleg på 2000-talet, ifylgje nettsidene til Kulturdepartementet.

– Med denne tildelinga satsar Regjeringa like mykje på litteraturformidling i Noreg som internasjonalt i Bokåret 2019, og norsk litteratur skal verta like synleg her heime som på bokmessa i Frankfurt, seier kulturminister Trine Skei Grande.

– Dette er den største satsinga på lesing i Noreg på nesten 20 år og inneber at Bokåret 2019 vert utvida til også å verta eit leseår, seier Aslak Sira Myhre.

Nasjonalbiblioteket har tilsett noverende leiar for Leser søker bok, Liv Gulbrandsen, som prosjektleiar for Bokåret 2019.

Nasjonalbiblioteket fortel på sine nettsider at nyhendet vart kjend då kulturministeren og direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre møtte representantar for biblioteksektoren, bokbransjen og organisasjonar som fremjar norsk litteratur og leseglede på Deichmanske bibliotek på Tøyen tirsdag føremiddag

Dei tildelte middela vert finansiert gjennom speloverskot frå Norsk Tipping. Hausten 2018 kan biblioteka søka om middepo til 500 arrangement i 500 biblioteki Bokåret 2019. Nasjonalbiblioteket vil no gå i dialog med andre organisasjonar som fremjar lesing for å planlegga prosjekt som skal skapa interesse og begeistring for bøker, litteratur og lesing.

Bokåret 2019 markerer 500-årsjubileet for den første norske, trykte boka. Regjeringa har allereie tildelt 30 millionar kroner for å syneiggjera norsk litteratur på bokmessa i Frankfurt, der Noreg er vald ut som hovudland i 2019. Bokmessea i Frankfurt er verdas største salsmesse for bøker og den internasjonale bokbransjen sin viktigaste møteplass.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.