Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har tildelt 2,35 millionar kroner til ulike kulturelle tiltak i fylket. Pengane er delt på både amatørar og profesjonelle og ein del større kulturtiltak

loseljestad
Lars Olav Seljestad, bilete: JK Flattun

Kulturamatørar får 516 000 kroner, profesjonelle artistar 817 000 kroner og større kulturtiltak får 1,02 millionar kroner. Løyvingane er gjort av eit samrøystes utval for kultur, idrett og regional utvikling.

Søknadsfristen for å få pengar gjekk ut 1. mars. For amatørar og profesjonelle er det avsett ytterlegare 900 000 kroner med søknadsfrist 1. september.

Amatørar

Tilskotet til amatørar skal stimulera til aktivitet og sikra innbyggarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv. Ein del av summen er øyremerka for born og unge. Det kom 45 søknader for totalt 1,35 millionar kroner. 30 av søknadene har fått pengar, mellom dei Johan Børsheim, Kvam herad og Osafestivalen.

Fordeling av tilskota til amatørar (pdf)

Profesjonelle

Profesjonelle kunstnarar i Hordaland får 817 000 kroner. Her er og ein del midlar øyremerka for prosjekt med born og unge. Pengane skal stimulera profesjonell kunst og kultur og sikra innbyggarane i heile fylket eit mangfaldig tilbod av høg kvalitet. Målet er at Hordaland skal ha eit sterkt og profesjonelt kulturliv.

Totalt kom det 109 søknader for 4,5 millionar kroner. 48 søknader får pengar.

Fordeling av tilskota til profesjonelle (pdf)

Større kulturtiltak

Til større kulturtiltak har fylkeskommunen løyvt 1,02 millionar kroner. Målet er at Hordaland skal vera ein leiande kulturregion og markera seg på høgt nivå med ambisjon om å vera grenseoverskridande og nyskapande med risikovilje. Med tildelinga skal det vera mogeleg å realisera utvalde, særskilde tiltak som kan vera føregangsprosjekt i utviklinga av kulturlivet i fylket.

Det kom 43 søknader om 4,7 millionar kroner. 18 søknader får pengar, mellom dei Kvam kulturskule og forfattaren Lars Ove Seljestad.

Fordeling av tilskota til større kulturtiltak (pdf)

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.