I mai månad vart det registrert 1700 færre arbeidslause i tillegg til at det er færre på eit arbeidsmarkedstiltak. Bruttoarbeidsløysa gjekk ned med 2500 personar

paa-jobb
– Gode mai-tal frå NAV syner at oppturen held fram. Fleire kjem i jobb og færre er ledige, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i ei pressemelding.

Brei opptur

– Talet heilt ledige er no langt lågare enn på same tid i fjor. Dette er ein brei opptur som gjeld begge kjønn, alle aldersgrupper, alle fylke og alle yrke, seier statsråden.

Nedgangen det siste året har vore størst for ingeniør- og ikt-fag (-33 %) og industriarbeid (-27 %).

Fakta om arbeidsløysa i mai 2018

Ved utgongen av mai var det registrert 60.008 heilt ledige. I tillegg deltok 78.221 arbeidssøkararar på eit tiltak.

Sjå NAV si pressemelding for meir informasjon om arbeidsløysetala.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.