Sidan oppstart i 2015 har det vore jamn vekst i antal pasientar som nyttar tenester i ordninga i Fritt behandlingsval. Rusbehandling (TSB) er mellom tilboda som har høgast nivå på utbetalte refusjonar og pasientane kjem i hovudsak frå Helse Vest
llustrasjonsbilete: helsenorge.no
I 2016 var det drøyt 2000 pasienter som nytta godkjenningsordninga i Fritt Behandlingsval, som går ut på at private tilbydarar, også dei utan avtale med regionalt helseforetak, kan godkjennast som leverandørar av spesifikke helsetenester.
Dette fortel Helsedirektoratet på nettsidene sine.
Dette auka til om lag 4800 pasienter i 2017, og hittil i 2018 har drøyt 3000 pasientar nytta tenester i ordninga. Dette kjem fram i eit notat frå Helsedirektoratet.
Somatiske tenester er det som vert brukt mest, og då primært utgreiingar og dagkirurgiske inngrep. Det er imidlertid rusbehandling (TSB) og psykisk helsevern for vaksne som har høgast nivå på utbetalte refusjonar. Dette skuldast at disse tenesteområda gir pasientane døgntilbod med til dels mange opphaldsdøger.
Pasientar som nyttar rusbehandling, har i hovudsak kome frå Helse Vest, men stadig fleire pasientar frå Helse Sør-Øst og Helse Nord brukar også desse tenestene. Psykisk helsevern for vaksne og somatisk tenester vert i all hovudsak nytta av pasientar frå Helse Sør-Øst.
Helsedirektoratet vil framover laga og publisera tertialvise statusnotat for godkjenningsordninga i Fritt behandlingsval.