Meny Lukk

Skatteoppgjeret kjem i neste veke

Onsdag 27. juni får dei fleste av oss ein tekstmelding eller epost frå Skatteetaten om at skatteoppgjeret er klart

illustrasjon-skattIllustrasjonsbilete

Dei første lønstakarane og pensjonistane får skatteoppgjeret i midten av neste veke, ifylgje pengenytt.no.

Dette er typiske skattytarar med forhaldsvis enkle skattetilhøve og utgjer om lag 80 prosent av oss. Deretter vert skatteoppgjeret gjort tilgjengeleg i Altinn eller sendt deg så snart det er klart.

– Me kan dessverre ikkje gje deg ein konkret dato for når du får oppgjeret ditt, korkje på skattekontoret eller per telefon til oss, skriv Skatteetaten på nettsidene sine.

Dersom du ikkje får oppgjeret ditt no, er neste mogelegheit 15. august. Deretter vert det løpande oppgjer fram til 24. oktober.

Er du næringsdrivande, gift med ein næringsdrivande eller har levert skattemeldinga på papir, får du skatteoppgjeret tidlegast i august.

Personar busette i utlandet, og som får pensjon frå Norge, får skatteoppgjeret i siste pulje den 24. oktober.

Sjekk at alt stemmer

Når du mottek melding om at skatteoppgjeret er klart, bør du gå inn på Altinn.no og sjekka at det stemmer.

Dersom du meiner noko er feil eller du har fått nye opplysningar, må du enten endra skattemeldinga sjølv eller senda inn ei klage.

Sjekk i så fall her om du kan endra sjølv eller skal senda inn ei klage.

Kort oppsummert skal du endra dersom du oppdagar feil eller har fått nye eller forsinka opplysninger frå arbeidsgjevar, bank, Nav eller andre som er opplysningspliktige.

Vidare kan du klaga dersom du har motteke eit vedtak frå Skatteetaten om at dei har endra skattemeldinga di. For å klaga treng du eit vedtaksnummer.

Fristen for å klaga er seks veker etter skatteoppgjeret sin dato.

Restskatt eller pengar til gode?

Er du éin av dei som har skatt til gode, vert skattepengane overførte til den bankkontoen du har oppgitt, eventuelt sendt på utbetalingskort.

Ver merksam på at utbetalingsdatoen kan vera inntil 2-3 veker etter skatteoppgjersdatoen.

Er du éin av dem som må betala restskatt, vil du få ein faktura med betalingsinformasjon i god til før forfallsfristen.

Meir om skatteoppgjeret på pengenytt.no.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: