Meny Lukk

Lagar raudliste for trua naturopplevingar

Kva skjer med dei naturopplevingane me er glade i, når både naturen og livsstilen vår er i endring? WWF Verdens naturfond og Norsk Friluftsliv ber no om tips frå publikum om kva som bør med på den første «raudlista» over trua norske naturopplevingar

fin-naturIllustrasjonsbilete: Tone Mannsåker

– Rike naturopplevingar er utruleg viktige for veldig mange her i landet. Samtidig endrar me menneske både naturen og vår eigen livsstil raskare enn nokonsinne. Me ynskjer å finna ut meir om kva slike forandringar betyr for folk sine naturopplevingar og turglede, seier generalsekretær Bård Vegar Solhjell i WWF i ei pressemelding.

Kva er verdt å bevara?

WWF og Norsk Friluftsliv har derfor gått saman om å laga ei raudliste for trua naturopplevingar, etter inspirasjon frå dei raudlistene som allereie fins for sjeldne artar og trua naturtypar. Alle som vil, kan bidra med nominasjonar fram til 30. september, og gjera framlegg om kva dei vil:

– Me trur mange av nominasjonane vil handla om korleis folk reagerer på miljøendringar i naturen, men ein kan og gjera framlegg om endringar som skuldast at kunnskap og livsstil endrar seg, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv.

Ni av ti nordmenn går på tur eller driv med anna friluftsliv. Solhjell og Heimdal vonar derfor på nominasjonar frå folk i heile Noreg.

 Presset på naturen aukar

– Det å bruka naturen er ein betydeleg del av norsk kultur. Om me klarer å ta vare på opplevingsverdiane i naturen, vil det ikkje berre vera bra for ville dyr og andre artar, men også for kulturen, seier Solhjell i WWF.

– Naturopplevingane våre er viktige for alt frå helse og livskvalitet til barns utvikling, næringar og sysselsetting, seier Heimdal i Norsk Friluftsliv.

Dei påpeikar at presset på naturen aukar frå mange kantar. Klimaendringar, forsøpling og forureining, men og endringar i landskapet med moderne jord- og skogbruk, og utbygging av kraftverk og vegar, hytter og hus.

Uavhengig jury

Framlegga som kjem inn, vil verta vurderte av ein uavhengig jury leia av forfattar og journalist Sigri Sandberg. Ho vonar prosjektet kan bidra til å skapa større medvit om verdiar som står i fare.

– Medvit trengs. Alltid. For først når me verkeleg skjønar kva me har og kor mykje det betyr for oss, kan me ana tapet ved å mista det. Og kanskje rekka å gjera noko før det er for seint. For meg er det dét medvitet dette initiativet handlar om, seier Sigri Sandberg.

Øvrige jurymedlemer er NRKs programleiar Kari Toft, biologiprofessor Dag O. Hessen, bloggar og Hold Norge Reint-aktivist Malin Jacob, og redaktør Knut Brevik i bladene Villmarksliv, Jakt og Alt om Fiske.

Les meir på kampanjen si heimeside www.verdtåbevare.no

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: