Meny Lukk

Festidalen bytar helg, men ellers er alt som det pleier å vera

Åsmund Liland, styremedlem i Festidalen, fortel at det er fleire grunnar til at festivalen bytar helg frå første helga i august, til siste helga i juni, men plakaten er like bra som den pleier å vera

festidalenBilete: Festidalen

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at det mellom anna er lettare å få tak i frivillige litt tidligare på sommaren.

– Me har stor tru på at det vert ein veldig god festival sjølv om den kjem litt bråare på i år enn det den har gjort tradisjonelt. Tilbakemeldinga frå publikum har iallefall vore positiv.

Liland fortel at det er mange som ynsjer å ta eit tak for å få festivalen i hamn. – Me har veldig mange frivillige som er med og bidreg kvart år, men me treng fleire, så det er berre å melda seg for dei som vil gje ei handsstrekning.

Festidalen har halde til på samme plass sidan den starta opp att. – Me er på Dønhaug, sentralt plassert i Uskedalen. Der er det ein veldig fin arena, eit slags naturleg amfi med nydeleg utsikt. Finare kan ein ikkje få det, slår Liland fast.

I år som tidlegare år, har Festidalen klart å trekka til seg mange store namn. – Me er veldig nøgd med årets plakat med namn som Lars Vaular, Raga Rockers, Ida Jenshu, Dagny, Bob Hund og mange fleire.

Les heile programmet på festidalen.no

Nesheim fortel at dei har fått gode tilbakemeldingar frå publikum på årets artistar, – Med unnatak av Bob Hund som er svensk, er alle artistane våre norske i år. Me gler oss til setta i gong no om vel ei veke.

Festidalen har hatt lite problemer bråk og ukultur. – For det første har me veldig flinke frivillige og gjestene våre oppfører seg eksemplarisk, og det satsar me på at dei gjer i år og.

Eit fast innslag på Festidalen er det såkalla Lambasleppet, der ukjende og yngre krefter får sleppa til på scena. – Me opnar med det på torsdagen. Me har mange andre ting på programmet og som ikkje er rein musikk. Me har noko for dei minste, me har Festitaren i båthamna og Festifjellet som er ein organisert fjelltur til Englafjell og Ulvanåso, så her er det noko for ein kvar smak.

Festivalleiaren vonar at mange frå Odda med omegn tek turen til Uskedalen siste helga i juni. – Me har god plass på campen, programmet er heilt toppers, så dét er ikkje noko å lura på, seier han.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: