Meny Lukk

Enkelt og greit

Styreleiar Rolf Nesheim er svært nøgd med Norsk Vasskraft og Industristadmuseum sitt namnebyte. – Kraftmuseet, det er enkelt og greit – og kraftfullt, seier han

festidalen
I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at namnebytet var ei av sakene styret hadde til handsaming mandag 18.juni.

– Namnebytet har vore ein lang prosess som har pågått det siste året. Me har spurd oss føre, både hjå dei tilsette og andre, om kva dei tenker kan vera riktig namn på museet, og det er ein uttruleg kreativitet som vert utløyst i ein slik namneprosess.

Til slutt snevra ein det inn til tre namneforslag som skulle vurderast. – Då enda me altså opp med å velgja Kraftmuseet, som me meiner er rett namn på museet. Namnet har og fått høg score hja dei tilsette og av mange av samarbeidspartane våre lokalt, regionalt og nasjonalt.

Nesheim fortel at museet kjem til å ta namnet i bruk med ein gong, men at reint formelt må Stiftelsestilsynet godkjenna valet. – Men det er eigentleg berre ei sandpåstrøing.

Av andre saker som vart på dagsorden mandag, nemner Nesheim den lange prosessen med AS Tyssefaldene vedrørande eventuell overtaking av bygningane. – Der vart me einige om at Tyssefaldene held fram som eigar.

Og etter at møtet var slutt, gjekk styreleiaren ved Kraftmuseet i Tyssedal liksågodt ein tur til Trolltunga. – Eg har gått den turen fleire gonger før og syns det er ei flott naturoppleving – sjølv om eg ikkje går ut på sjølve Trolltunga.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: