Meny Lukk

Den nye elvepromenaden, byutviklings-, sikrings – og folkehelsetiltak

Det vart lagt ei skikkelg ramme rundt arrangementet der NVE tilbakeleverte det arbeidet dei har gjort,  til Odda – som det heiter på fagspråket. Det var fanfare og song, talar og grillpølser og frammøtte i alle aldrar

apning-nye-elvepromenaden

Fylkesmannen var representert på arrangementet ved miljøvernsjef Kjell Kvingedal og NVE sin representant var regionssjefi Vest, Brigt Samdal.

Ordførar Roald Aga Haug sa i samtale med programsekretær JK Flattun at det NVE har gjort langs Opoelva er god by – og samfunnsutvikling for Odda.

– Odda kjem til å oppleva ein transformasjon i åra som kjem, både på Smelteverkstomta og ned mot sjøen. Den nye elvepromenaden er eit fantastisk tilskot og me er stolte over arbeidet som er gjort og  over samarbeidet som staten og kommunen har hatt. No gler me oss i lag med alle som nyttar dette området til rekreasjon.

Ordføraren sa dette like i fokant av arrangementet som markerte den offisielle opninga av promenaden. – Me har nok eit større arrangement her enn det NVE er vane med i slike samanhengar. Her er mykje folk, mellom anna har me fått med oss heile ungdomsskulen som har gått nedover langs Opo og fått informasjon om arbeidet som er gjort. Her er folk i alle aldrar, me kosar oss og grillar pølser, og det er gratulerer til alle saman.

Aga Haug gav uttrykk for at han vona at oddingane vil bruka området og den nye promenaden for alt den er verdt, før han gjekk over til den offisielle delen av programmet.

Han sa mellom anna dette då han ynskte velkomen.

– Gratulerer med dagen, eg er veldig glad for at så mange har møtt fram og gått nedover elevpromenaden saman med oss og viser at de set pris på den flotte jobben som er gjort. NVE vil gjera som alltid pleier å gjera, dei tilbakeleverer det arbeidet dei har gjort på oppdrag frå oss, til alle oddingar og hardingar og Odda kommune. Og heilt til slutt, skal me prøva å klippa ei snor som går tvers over elva som ei symbolsk handling på dette.

Det var 5 A frå Odda barneskule som innleidde den kulturelle biten med ein sjarmerande versjon av Stavangerkameratane sin «Berre så du vett det, eg har så sinnsykt sans for deg».

Musikaren Mihai Sorohan var hjarteleg tilstades med blåseinstrumentet sitt – som han ofte er, mellom anna med fanfare, og nasjonalkjendisen frå Tyssedal, André Søfteland, hadde fått i oppdrag å synga Simon and Garfunkel sin klassikar, «Bridge over Troubled Water» – ganske passande med tanke på debatten vedrørande kraftverk  i vassdraget. Det var mange som møtte  fram  på arrangementet i fargerike OPO – T – skjorter,med undertittelen la elva leva.

Ordførar Roald Aga Haug gjekk i sin tale gjennom forløpet av det som skjedde under flaumen i oktober 2014 og av arbeidet i elva som har pågått i tre år etterpå. Han fortalde om tett og godt samarbeid mellom Odda kommune, NVE og entreprenørane som har arbeidd i elva.

– Det me har sett på i dag er ein elvepromenade som har løfta elva frå å vera baksida av Odda, til å verta andletet vårt utad. Det er gjort eit forbilledleg arbeid som sannsynlegvis har vorte endå finare enn det både NVE og me hadde trudd i utgangspunktet. Mange har gjort ein innsats langt utover det ein kan forventa.

Aga Haug kallar elvepromenaden for samfunnsutvikling, men også noko meir enn det. – Den er eit folkehelsetiltak. Det er folkehelse i å ha det fint rundt seg, det er og god folkehelse i sjølve promenaden som er universelt utforma slik at menneske med ulike funksjonsnedsettingar også kan få gleda av å bruka den.

Brigt Samdal, regionssjef i NVE sa i sin tale at det er veldig mange i hans organisasjon og andre samarbeidspartar som har levert eit stort arbeid over mange år for at ein skulle koma dit ein er i dag. – Kvar og ein av dei involverte har lagt ein bir av sjela si i Odda, og eg er rørt, stolt og kry over å få vera med og overrekka dette anlegget. Det er eit omfattande og krevjande arbeid som har pågått.

Samdal fortalde at etter at mange kommmunar vart råka av flaum i region Vest i 2014, løyvde regjeringa 216 millionar kroner til flaumsikring. – Heile 90 millionar gjekk til prosjektet i Odda. Promenaden ser fin ut, men det er og viktig og vita at på gangvegen – som får mange godord, ligg det ein sikring i grunnen som ikkje er synleg, som sikrar menneskeliv, busetnad , kulturminne og industri. Dét er viktig for oss, sikringsarbeid er førsteprioritet.

Samdal trakk og fram at samarbeidet med Odda kommune har vore svært godt, han berømmer og miljøavdelinga hjå fylkesmannen. Dei involverte entreprenørane og deira mannsap vart og varmt rosa. – Dei fortener ein stor applaus, sa han.
Og det fekk dei.

Miljøvernsjef ved Fylkesmannens kontor, Kjell Kvingedal, poengterte og at elvepromenaden er resultat av godt samarbeid lokalt og regionalt. han fortaldeat elveløpet no kan tåla ein slik flaum som me hadde i 2014. 800 kubikkmeter som kom gjennom Odda denne natta.

– På Vestlandet lever me i eit vasslandskap og må tenka klimatilpasning, sa Kvingedal. – Det er eit nytt tema og ein veit ikkje heilt kva ein skal gjera, men me må forventa oss små og store flaumar.

Han fortalde og at fylket jobbar hardt for overleving for Opolaksen. – Hjå Fylksmannen erme naturens advokat på sett og vis.

Arrangementet vart avslutta med signering av NVE sin protokoll ved overrekking av anlegget attende til Odda kommune, og så var det snorklipp.
Vil du høyra meir av det som vart sagt, kan du høyra på føremiddagssendinga fredag.

Men det siste Brigt Samdal, Regionssjef i Vest, sa til ordføraren i Odda var fylgjande: Det kan du vera sikker på Roald, at NVE kjem du til å sjå i Odda i framtida og, både planlagt og ikkje – planlagt!

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: