Hordaland fylkeskommune fekk 5 millionar meir å fordele i 2018 og set dermed ny rekord i midlar til totalt 160 anlegg i fylket

tine-fotballskule-eide

Det er Kulturdepartementet som avgjer kor mykje pengar som vert delt ut til kvart fylke. Med den nye summen på vel 132 millionar kroner vart det ei auke på 4,2 prosent, ifylgje nettsidene til Hordaland fylkeskommune.

– Mange gode søknader frå Hordaland gjer at fylket i år også får ei rekordtildeling til vidare fordeling. Spelemiddelordninga er eit viktig bidrag til utvikling av lokalsamfunn, og nesten alle kommunar søker årleg om midlar til ulike anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Fleire kommunar bygger no basseng som gir eit løft både for den organiserte idretten, opplæring i skulen og for eigenorganiserte aktivitetar seier Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef i Hordaland fylkeskommune.

Godkjende søknadar for over 500.000.000 kroner

Kommunane i Hordaland har i år søkt om 504.271.000 millionar kroner til ulike anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Fordeling av spelemidlane frå Norsk Tipping var oppe i sist møte i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Dei 160 anlegga fordeler seg på 85 ordinære anlegg og 75 nærmiljøanlegg. Midlane går til alt frå større hallar for organisert idrett til mindre nærmiljøprosjekt.

– At Norsk Tipping gir store delar av overskotet sitt tilbake til samfunnet, gjer at me kan få bygd anlegg for idrett og fysisk aktivitet som me ellers ikkje ville fått realisert. Dei utanlandske spelselskapa som er på full fart inn i den norske marknaden, har ikkje denne ordninga, det kan vera verdt å merka seg, opplyser fylkesidrettssjefen.

Bredt engasjement for anleggsutvikling

Kommunane og organisasjonane i Hordaland skal ha mykje av æra for at fordelinga av spelemidlar til anlegg i Hordaland er rekordhøgt. Mykje godt arbeid vert gjort rundt omkring i kommunane for å få fram dei gode anleggsprosjekta.

– Fylkeskommunen bidreg med rettleiing og kompetansehevande tiltak mot kommunane, og her vil me styrka innsatsen i neste søknadsperiode, seier Beate Husa, utvalsleiar for kultur, idrett og regional utvikling.

Fakta om søknadsprosessen

Søknad om støtte til bygging av anlegg vert fremja til fylkeskommunen gjennom kommunen der anlegget er planlagt bygd. Alle søknadar om spelemidlar vert sendt frå kommunane til fylkeskommunen elektronisk gjennom http://www.anleggsregisteret.no innan 15.januar. Fylkeskommunen går gjennom alle søknadane, og godkjende søknadar vert sendt til Kulturdepartementet innan 15.mars. Departementet fastset vanlegvis ramma til fylkeskommunane innan 1.mai, og fylkeskommunane gjer vedtak om detaljfordeling av midlane til søkarane. Oversikt over fordelinga til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg vert sendt til departementet i løpet av juni kvart år. Alle søkarane skal vere underetta innan 1.juli.

Hovudmålgruppa for bruk av spelemidlar til idrettsformål, er barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år), personar med nedsett funksjonsevne og fysisk inaktive.
Ordinære anlegg er anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet og eigenorganisert aktivitet. Her kan søkar få innvilga inntil 1/3 av søknadssum.
Nærmiljøanlegg er anlegg utandørs for eigenorganisert fysisk aktivitet, som unntaksvis kan nyttast til organisert idrettsleg aktivitet. Søkjar kan få innvilga inntil 50 prosent av søknadssum, avgrensa oppover til 300.000 kroner.

Les meir om ordninga på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d