Handelens Miljøfond vil bruka 300-400 millionar kroner i året til å redusera plastposebruk, redusera plastforsøpling og auka ressursutnyttinga av plast

handelens-miljofondEirik Oland og Peter Sundt. Bilete: Katrine Lunke

– Dette er eit godt nyhende for miljøet. Medlemene i fondet, er butikkar som sel plastbereposar, og no tek desse miljøansvar, seier Eirik Oland, dagleg leiar i Handelens Miljøfond, i ei pressemelding.

Heile handelen er med
15. august er Handelens Miljøfond i gong, og medlemene vil frå då av bidra med 50 øre per plastberepose til fondet. Til saman kan dette utgjera mellom 300 og 400 millionar kroner årleg, som skal brukast til å redusera plastforsøpling, auka plastgjenvinning og støtta tiltak som reduserer bruk av plastbereposar.

– Handelens Miljøfond har allereie medlemer som står for omlag 80 prosent av plastposesalet i Noreg. Me har med dei tre store aktørane innan daglegvare, COOP, NorgesGruppen og Rema 1000, og dessutan aktørar som Vinmonopolet, Kolonial.no, Varner, Hennes & Mauritz og One Bag Habit. Me reknar med at mange fleire vert med på laget i løpet av sommaren, seier Oland.

Samarbeid mellom myndigheiter og næringsliv
EU sitt «plastposedirektiv» krev at landa enten har eit reduksjonsmål, eller at det vert teke betalt for alle plastposar over disk. Noreg har vald det siste. Handelen og Klima- og miljødepartementet har kome fram til ei felles forståing, der handelen sjølv tek ansvar for å redusera dei negative konsekvensane av bruk av plastbæreposar. Næringslivet, herunder Virke, NHO Service og Handel og Dagligvarehandelens Miljøforum, har etablert Handelens Miljøfond for å sikra at middela som vert samla inn, vert brukt til å redusera miljøutfordringane knytt til plast.

Miljøet vinn
– Det er eit viktig signal når Klima- og miljødepartementet er villig til å la næringslivet sjølv etablera konstruktive løysingar som sikrar at middela som vert samla inn, går til miljøtiltak. Dette kombinert med lave administrative kostnader både for det offentlige og næringslivet, gjer dette til ein vinn-vinn situasjon, der miljøet er den store vinnaren, seier Oland.

– Dette er ei kjempesatsing for å redusera miljøproblema knytt til plast, og me kan alle verta meir medvitne på korleis me brukar plast i kvardagen, legg han til.

Utlysing i løpet av 2018
Middela som vert henta inn til Handelens Miljøfond, vil gå til å støtta tiltak som reduserer plastbæreposeforbruket, støtta tiltak som styrkar arbeidet mot marin- og landbasert plastforsøpling, primært nasjonalt, men også internasjonalt, og støtta tiltak som styrkar arbeidet med aukt ressursutnytting av plast, til dømes plastgjenvinning.

Uavhengige ekspertar har gitt Handelens Miljøfond råd om korleis middela bør anvendast, slik at dei kjem best mogeleg til nytte for miljøet. Det vert utlyst midler i løpet av hausten 2018.

Ver med på handelen si store miljøsatsing
Handelens Miljøfond er ope for medlemer frå samtlege kjedar og butikkar i daglegvare-, fag- og servicehandel som sel plastbereposar til forbrukarar. Butikkar bestemmer sjølve utsalsprisen på plastbereposane, men butikkar og kjeder som er medlemer i Handelens Miljøfond, må betala inn 50 øre per plastpose til fondet. Bedrifter som vil verta medlemer, kan melda sin interesse på www.handelensmiljofond.no.

Foreininga Handelens Miljøfond vart stifta i november 2017. Styret vert vald blant medlemer av foreininga, samt frå miljørørsla og avfallsbransjen. Foreininga sitt føremål er på vegne av medlemene, å bidra til å etterleva krava og intensjonane i EU-direktiv 2015/720 om lette plastbereposar gjennom tildeling av midler til prosjekt som oppfyller foreininga sitt føremål.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese