Meny Lukk

Steinar Albrigtsen & The Daily Blues Trio på vårturne i Hardanger

Med «The Daily Blues» (TDB) hyller Albrigtsen bluesheltane sine, både i musikalsk stil og med gitarferdigheiter, samtidig som han fortel om sine møte med dei. TDB var eit bestillingsverk til Notodden Bluesfestival 2017  

steinar-albrigsten
Trioen spelar på Iris Scene i Odda fredag 18 mai,  på- Meieriet i Herand laurdag 19. mai og i  Jondal kyrkje sundag 20. mai.

Albrigtsen har spelt i Odda mange gonger før og har alltid hatt gode og varme møte med publikum. Han har spelt åleine og saman med andre, mellom anna med kona si, Monika Nordli, som for anledningen er ein tredjedel av Tehe Daily Blues Trio.

Med eit fint knippe låtar viser Albrigtsen fram bluesen sin breidde og lyttarane vert betre kjend med somme av blueshistorien sine stamfedre. Et døme på dette, er låten «Junior Wells» som har fått ei musikalsk drakt som heidrar Wells sin særeigne sound og spelestil, skriv Blueslaget lokst utøve på nettsidene oddablues.

Dei fortel vidare at Albrigtsen fekk si første dose blues gjennom John Hammond (den gong Jr.) på Prelaten i Tromsø tidlig på 80-talet. Han omtaler sitt møte med J. Hammond som særdeles hyggeleg og lærerikt. Hammond skreiv mellom anna ned ei liste over artistar Albrigtsen burde lytta til.

Lista inneheldt namn som Big Bill Broonzy, Mississippi John Hurt, den kvite – men blå jodlaren Jimmie Rodgers og mange andre. Dei tre nemnde artistane er alle representererte på albumet «The Daily Blues».

Bestillingsverket og LP plata er ein hyllest til våre største bluesartister gjennom tidene, og Albrigtsen tek med dette, eit ansvar for å føra denne musikalske arven vidare til nye generasjonar.

Live har Albrigtsen med seg songar og låtskrivar Monika Nordli og Ernst Nikolaisen på bass.

Sjekk ut video fra Notodden Bluesfestival: HER

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: