Den første nasjonale oversikten over personar som har fått innvilga langtidsopphald i sjukeheim, men framleis ventar på plass, viser at 1420 personar står på venteliste. Ifylgje oversikten kjem Hardangerkommunane godt ut
Regjeringa har innført krav om at kommunane skal føra ventelister for sjukeheim eller tilsvarande bustad. Tal som kommunane har rapportert til Helsedirektoratet per 15. april i år, viser at 44 prosent av landets kommunar har personar på venteliste til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad.
Dette skriv helsedirektoratet på sine nettsider.
Samla rapporterer kommunane at 1420 personar står på venteliste. Dette er personar som oppfyller kommunen sine kriterier for langtidsopphald, men som med forsvarlege tenester kan bu i egen heim eller motta andre tenester.
Av desse bur 457 personar i eigen heim, medan 963 personar er tildelt korttidsplass. Helsedirektoratet har og bede kommunar om tal på personar på venteliste til korttidsopphald om å oppgi dette. Dei innrapporterte tala viser at 446 personar står på venteliste til korttidsopphald i påvente av ledig plass i sjukeheim.
Helsedirektoratet vil, på bakgrunn av tilbakemeldingar gitt frå kommunane ved innrapporteringa, vurdera om det bør foretas justeringar/presiseringar i samband med neste innrapportering.
405 av 422 kommunar har besvart undersøkinga. Dette gir ein svarprosent på 96 prosent, som igjen dekker 98,8 prosent av befolkningsgrunnlaget. Rapporteringa viser tal per 15. april 2018.
Kommunane har rapportert på fylgjande spørsmål:
- Kor mange pasientar/brukarar har per 15. april vedtak om at dei oppfyller kommunen sine kriterier for langtidsopphald eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøger – tenester, som bur i eigen heim i påvente av langtidsplass?
- Kor mange pasientar/brukarar har per 15. april vedtak om at dei oppfyller kommunen sine kriterier for langtidsopphald eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøger – tenester, men får korttidsopphald i påvente av langtidsplass?
- Kor mange pasientar/brukarar står på venteliste til korttidsopphald i påvente av ledig plass i sjukeheim per 15. april?Lenke til oversikt over ventelistene i kommunane, finn du på Helsediretoratet sine nettsiner.