Meny Lukk

Moderniserer skattereglar for naturalytingar i arbeidsforhold

Mange arbeidsgjevarar opplever skattereglane for naturalytingar som uklåre og delvis utdaterte. Regjeringa legg no fram endringar som vil gjera delar av regelverket klarare. Det vil verta enklare å gjera ting rettmodernisere-skattereglar

– Det har lenge vore behov for å forbetra reglane om naturalytingar. Framlegga frå regjeringa vil ta bort mykje av uvissa som næringslivet opplever på grunn av uklåre reglar. Me tek òg bort utdaterte og kompliserande særreglar. Samla sett vil dei nye reglane gjera det enklare for næringslivet å gjere ting rett, seier finansminister Siv Jensen (FrP) i ei pressemelding.

Næringslivet og skattestyresmaktane er samde om at reglane bør gjerast klårare og enklare å etterleva. Sivilombodsmannen har òg oppmoda lovgjevar om å avklara kven som skal ha plikt til å rapportera, gjera forskotstrekk og svara arbeidsgjevaravgift når tilsette får naturalytingar gjennom ein tredjepart.

Skattedirektoratet har hatt framlegg til endringar på høyring, og framlegget frå regjeringa byggjer i hovudsak på desse, men med nokre tilpassingar.

Hovudgrepa er å gjera det klart at det er arbeidsgjevaren til dei tilsette som skal ha plikt til å rapportera med meir også når ytinga kjem gjennom ein tredjepart, og å erstatta gjeldande skjønsmessige vilkår for skattefritak for personalrabattar med ei beløpsgrense. Samstundes vil me modernisera og forenkla reglane om mellom anna fri avis og overtidsmat.

Føremålet med endringane er å gjera reglane enklare og klårare, meir rettferdige og betre tilpassa samfunnet slik det er i dag. Fleire av rutinane med meir som arbeidsgjevarane må ha for å følgja skattepliktene vil vera høvelege som vern mot korrupsjon og anna uheldig påverknad frå tredjepartar. Endringane legg også til rette for betre etterleving. Regjeringa legg opp til at endringane samla sett ikkje skal endre dei samla skatteinntektene.

For å gje arbeidsgjevarane tid til å gå gjennom reglar, rutinar og system for ytingar til dei tilsette, legg regjeringa opp til at endringane skal gjelda frå inntektsåret 2019. Regjeringa kjem i statsbudsjettet for 2019 attende til fastsetjing av beløpsgrensa for skattefrie personalrabattar.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: