Meny Lukk

Løft for Lindeplassen

Hordaland fylkeskommune har gjeve fleire hundre tusen kroner til vidare utvikling av attraktive sentre i fylket. Eitt av prosjekta som får pengar Lindeplassen som skal utviklast frå asfaltjungel til det viktigaste byrommet i Odda

Lindeplassen får 150 000 kroner. Planen er at det skal bli ein hyggeleg stad å treffast og få ting til å skje. Odda opplever no ein ny vår, både innan reiseliv og tradisjonell industri. Trolltunga har bana veg for Odda som turistmål skriv Hordaland fylkeskommune på nettsidene sine og legg til fyljande:

Smelteverket

Lindehuset var ein del av Odda smelteverk. Bydelen rundt Lindehuset er viktig i utviklinga av det moderne Odda. Pengane skal gå til å  utvikla området. I dag er plassen lite nytta. Det finst ingen benkar og ingen aktivitetar å drive med. Det er planar om å etablera ein klatrevegg og flytta busstasjonen til tomta. I dag er næringshagen og studiesenteret flytta inn i området. Senter for industriarkiv er der. Ein bluesklubb har etablert seg i kafeen.

Området vil bli brukt til integrering og inkludering. Flyktningar skal få møtestader der dei kjem i kontakt med dei frivillige miljøa i området. Elevar i vaksenopplæringa skal bli involvert i å utvikla staden.

I juni er det planlagt opningsfest på det nye torget i Odda.

Blå steg i Austevoll

Storebø i Austevoll har fått 150 000 kroner til å utvikla tettstaden ved å etablera «det blå steget», ei trapp som skal fungera som snarveg og sosial møteplass. Storebø er i utvikling frå bygd til tettstad. Midtpunktet er Hippakaien, den gamle dampskipskaien. Rundt den skal det byggast rundt 600 fleire bueiningar innan ein radius på 700 meter. Grunna terreng og topografi er det bratt å koma seg frå kaien til bustadene. Vegen går rundt haugane, men det er etablert stiar som går gjennom bustadområda. Ei trapp vil knytta saman nytt og eksisterande nettverk av stiar, vegar, og gang- og sykkelvegar på Storebø.

Analysera handel på Stord

Stord kommune har fått 150 000 kroner til å analysera handelen. Kommunen har eit attraktivt senter, Heiane, og eit regionsenter, Leirvik. Kommunen har regionale funksjonar for Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes. Pengane skal gå til ei overordna analyse av handelen som skal danna grunnlag for kommuneplan og kommunedelplan for Leirvik. Analysen skal skildra handelssituasjonen, potensialet for auka handel og samspel mellom sentra i kommunen.loft-for-lindeplassen

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: