Meny Lukk

Klar for musikkfest i Hardanger

16. til 21.mai er det Hardanger Musikkfest som pregar Hardanger – på tvers av kommunegrensene. Temaet i år er natur og endring og festivalen inneheld sjølvaste 17. mai med ei storslått grunnlovsfeiring i blømingstidamusikkfest-hardanger

Programsekretær JK Flattun har hatt ein samtale med dei kunsteriske leiarane for festivalen, Therese B. Ulvo og Tora Augestad saman med styreleiar for festivalen, Alf Magnus Reistad.

– Det vert mellom anna store gallakonsertar i den store Fjordahallen i Kinsarvik, det er den største endringa i år, at det vert Fjordahallen, ikkje Hotel Ullensvang, fortel Augestad.

Reistad fortel om spesielle konsertarenaer. – Me går som sagt inn i nye arenaer mellom anna med konsertar i fleire private heimar.

– Me skal og ha ei utandørs sidervandring med tonefylgje, ellers er dei fleste konsertane innandørs i fantastiske rom. Me kjem til å bruka kyrkjene meir enn me har gjort før, fortel Augestad.

– For å fullføra det med utandørs arrangement, skal me ha ein utandørs 17.maifrukost på gjesteheimen på Lofthus dersom veret spelar på lag, legg Ulvo til.

–  Med musikk, legg dei to kunstneriske leiaren til, i kor.

Det vert og  kveldskonsert på sjølvaste 17.mai i Odda kyrkje. – Me har hatt god suksess med desse kveldskonsertane, så det har me lyst å halda på. I Odda vert det ein god time med vakker musikk og årets festivalforfattar, Thomas Espedal.

Augestad fortel at Hardanger Musikkfest også har sin eigen festivalkunstnar. – Ein fantastisk smykkekunstnar frå Bergen, Anna Talbot, arbeida hennar ser me i plakatar, flyarar og program.

Festivalen har spreidd seg over store deler av Hardanger. – Me har konsertar heile vegen frå Kinsarvik, til Lofthus, Tyssedal, Odda, Eidfjord og Jondal, seier Ulvo.

Ein headliner eller trekkplaster om ein vil, på festivalen, er Trondheimssolistane.  – Det er eit av dei fremste kammerorkestera i Europa. Dei skal opna Fjordahallensom konsertarena med Vivaldis Dei fire årstidene, med Marianne Thorsen som solist.

( Marianne Thorsen er norsk fiolinist som har budd  20 år i London, men flytta tilbake til Trondheim då ho vart tilsett som professor ved ved Institutt for musikk.)

Andre headlinarar som vert nemnde, er Håvard Gimse og Tuva Syvertsen (Valkyrien Allstars).

– Tuva er eit svært kjend namn for alle folkemusikkinteresserte, seier Augestad og legg til at skodespelaren Helge Jordal kjem attende. – Det vert stas.

Hardanger musikkfest er ikkje utelukkande klassisk fortel Reistad. – Therese og Tora tek i utgangspunktet sikte på at det skal vera klassisk musikk, men at andre sjangerar og kan koma med, men det skal vera god musikk. Dessutan er musikken slik i dag, at ein kan bevega seg meir fritt mellom sjangerar,

Reistad eksemplifiserer dette med arrangementet i «kraftkatedralen» i Tyssedal 20. mai som har fått tittelen Rumi Songs, med Trygve Seim sine prispåskjøna songar til persisk poesi, med Tora Augestad, Frode Haltli og Svante Henryson.

– Kan ein kalla det jazz? Er det verdsmusikk? Kva er det? spør Reistad. – Det viktigaste er at det er god musikk med ein kvalitet som festivalen er glad for å kunna presentera.

Komponisthytta til Edvard Grieg står framleis i Hotel Ullensvamg sin hage på Lofthus. – Me kjem til å ha Grieg på programmet, men like vitig er det å spela musikk som vert laga av norske komponistar i dag, seier Reistad.

Ein festival av Hardanger Musikkfest sitt kaliber skyv gjerne også litt på grensene. – Me skal ha fire urframføringar i år, fortel Augestad. – Nokre korte andre litt lengre, men kor grensesprengande dei er, veit me ikkje, for me har  ikkje høyrt dei endå.

Arrangørane synes det er spanande å styra ein festival som bevegar seg mellom det tradisjonelle og det nyskapande. – Det gamle er viktig, men også det nye fordi at med nye musikalske erfaringar, kan ein gjerne høyra noko ein kjenner frå før med nye øyrer.

Når det gjeld alder, er det eit langt spenn frå yngste til eldste. – Me har jo Alexander Aga Røynstrand, ein svært dyktig, ung spelemann som skal opptre i fleire ulike konstellasjonar under festivalen, og så har me på andre sida ringrevar som Helge Jordal, så det er eit stort spenn, seier Ulvo.

Når det gjeld publikumsoppslutninga til Hardanger Musikkfest er den svært god ifylgje Reistad. – Ein må hugsa på at då Stig Nilsson starta musikkfesten, var det eksempelvis 10 festivalar, medan det no er tusenvis. Folk treng ikkje lenger reisa til ein festival, dei kan venta til den kjem forbi heimplassen.

Av den grunn har det vore viktig for Hardanger Musikkfest å ha ein lokal profil, å få lokalbefolkninga til å ta del i festivalen og verta glad i den.

– Dét har vore svært vellukka dei siste åra, seier Reistad.

Hardanger Musikkfest vert lagt til pinsen årleg. – Det er fordi me ynskjer at folk skal få oppleva bløming og fantastisk musikk samtidig, seier Augestad.

Avslutningsvis oppmodar ho alle til å koma på dei storslåtte konsertane i Fjordahallen. – Der er det lagt ned mykje tid og pengar for å løfta denne fleirbrukshallen til nye høgder, så det vert spesielle opplevingar, både Vivaldi og Overraskingskonserten dagen etter.

– Så eg vonar folk kjenner si besøkelsestid, seier kunstnerisk leiar Tora Augestad.

Les meir på Hardanger Musikkfest sine nettsider.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: