Til hausten innfører regjeringa ei norm for lærartettleik. Då skal det maksimalt vera 16 elevar for kvar lærar frå 1. til 4. trinn, og maksimalt 21 elevar for kvar lærar i 5. til 10. trinn. Fleire kommunar treng fleire lærarar for å klara kravet. Difor føreslår regjeringa øyremerkinga på 700 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.

Berekna antal årsverk som manglar for å oppfylla ei norm på 16/21/21 var faktisk 0,0 i alle sju Hardangerkommunar per oktober 2017. Alle kommunane får likevel kompensasjon for ein prosentandel årsverk hausten 2018: 896 000 kroner til Kvam, 597 000 til Odda, 385 000 til Ullenvang, 126 000 til Ulvik og Jondal, 104 000 til Eidfjord og 94 000 til Granvin.

Berekna antal årsverk som mangla på Voss i 2017, var 0,6 og kommunen får ein kompensasjon på 1.406 000 i 2018, i Kvinnherad mangla 1,2 årsverk og kompensasjonen i 2018 vert 1.394 000.

Landsoversikt over lærarmangel og kopensasjonsstorleik finn du på Kunnskapsdepartementet sine nettsider.

Styrking av satsinga på tidleg innsats

– Sidan 2015 har regjeringa saman med KrF løyvd vesentlege summar til fleire lærarar for dei yngste elevane. Tala viser at me er på rett veg. Storleiken på gruppene har gått ned og det har vore ein auke i talet på årsverk til undervisning i grunnskulen. På 1.-4. trinn er det om lag 1650 fleire årsverk inneverande skuleår enn det var hausten 2014. Med ei norm for lærartettleik vil me no sikra den tidlege innsatsen endå betre. Det vil gi lærarane betre tid til å sjå og støtta kvar elev, seier Sanner.

Løyvinga til kommunane i 2018

Totalt er det løyvd 1,4 milliardar kroner til auka lærartettleik i 2018. Det er 200 millionar kroner meir enn i 2017. Desse skal fordelast til kommunane hausten 2018. Regjeringa sitt forslag i revidert nasjonalbudsjett vil samla gi rom for om lag 2 300 lærarar hausten 2018.

Alle kommunane har sidan 2015 fått eit øyremerka tilskot til å auka lærartettleiken på 1.–4. trinn. Dette tilskotet er ein del av kompensasjonen til kommunesektoren ved innføringa av norma.

Berekninga av løyvinga er gjort på skulenivå, men den vert fordelt til kommunane på vanleg måte. Hausten 2018 får kommunane 700 millionar kroner. Av desse blir 500 millionar fordelt til alle kommunane etter delkostnadsnøkkelen for grunnskolen. 200 millionar kroner, vert fordelt til kommunar som treng fleire lærarårsverk enn det som kan dekkast av dei 500 millionar kronene.

Løyvinga sikrar at alle kommunar beheld det eksisterande øyremerka tilskotet til auka lærartettleik hausten 2018. Det gjeld også dei som alt oppfyller norma. Med denne løyvinga kjem ingen til å tapa på innføringa av norma for lærartettleik hausten 2018.

Ein del skular vil trenga fleire lærarar på eit eller fleire hovudtrinn. Dette vil skulane og kommunane kunna løysa anten med å tilsetja fleire lærarar, eller ved å flytta årsverk mellom hovudtrinn på ein skule eller mellom skular i kommunen. Med løyvinga i 2018 er det lagt til grunn at dei ikkje må flytte lærarar mellom skular.

– Me legg til grunn at skulane har nytta tilskotet dei har fått frå 2015, til fleire lærarar. Til saman får kommunane dekt meir enn det det er berekna at dei treng for å innføre lærarnorma i 2018, seier Sanner.

Slik er norma:

Norma skal gjelda på kvart hovudtrinn, på skulenivå. Den regulerer berre ressursane i den ordinære undervisninga, ikkje i til dømes spesialundervisning. Spesialundervisning er ein lovfesta rett for dei elevane som treng det.

Norma styrer kor høg lærartettleiken skal vera samla på dei ulike trinna, men organiseringa av sjølve undervisninga er opp til skulen. Det betyr at det til dømes kan vera fleire enn 16 elever i timane nokre gonger på 1.-4.trinn, og færre elever andre gonger.

– Det er viktig at skulane framleis er fleksible til å organisera undervisninga med omsyn til eleven sitt behov og andre lokale forhold, seier Sanner.

Skuleeigar skal framleis sørga for at alle klassar og grupper har ein forsvarleg storleik, at kvar einskild elev får tilpassa undervisning og at alle elevane har eit trygt og godt skulemiljø.

– Sidan 2015 har vi saman med KrF sikra fleire lærarar for dei yngste elevane. Det er avgjerande for oss at kompetansekrava til lærarar i skolen og karakterkrav til nye lærarar framleis gjeld. Det sikrar avtalen med KrF, seier Sanner. Dette skal være ei lærarnorm, og ikkje ei vaksennorm. Vi set også i verk nye rekrutteringstiltak for å sikre at fleire vel lærarutdanningane.