Årets Blømingsfestival er vel i hamn og festivalleiar Anita Bråvoll ser attende på ein vellukka festival. – Det fine veret og bløminga gjorde og sitt til at det vart svært god festivalstemning
I samtale med programsekretær JK Flattun fortel ho at det var mykje buskspeling. – Folk koste seg rett og slett i det fine veret.
Det var 26 orkester påmelde i år. – Det er noko av det høgaste antalet me har hatt, så det var veldig bra, seier Bråvoll. – Campingen i Kinsarvik var smekkfull.
Nytt av året var dansetevling for par, og der var det åtte par som deltok. – Det var det Brit Sørland og Per Øyvind Tveiten frå Kvam som stakk av med sigeren, men det lokale danseparet Irene Instanes og Jan Helge Opheim tok tredjeplassen.
Når det gjeld kampen om tittelen Vestlandets beste danseorkester, var det orkesteret Sindre & Co som drog sigeren i land med 135,5 poeng, tett fylgd avHevd på andre med 132,5 poeng og Tyst på tredje med 132 poeng.
– Sindre & Co er eit orkester frå Osterøy og det er tredje gongen dei tek førsteplassen, så no fekk dei vandrepremien og, det var stas.
Sjølve opningskonserten var det orkesteret Quarts som stod for. – Det var ein fantastisk konsert, folk som kom derifrå fredagskvelden, var berre kjempeglade, seier Bråvoll.
Datoen for Blømingsfestivalen 2019 er 10. – 12.mai og ifylgje den nøgde festivalleiaren er planlegginga godt i gong.
Når det gjeld gjennomføring av festivalen, fortel Bråvoll at det gjekk på skinner. – Me har gjort dette i så mange år, at folk veit kva dei skal gjera
