Pinseaften opnar gallerist Gøril Guddal ny utstilling i Guddalstunet som inneheld maleri og skulpturar av Bodil Friele Malene Dekke Eikgalleri-guddal

Guddal fortel i ei pressemelding at inne i galleriet vert det stort sett maleri, fargesterke og nokre med tekst.

Det fargerike vedaladet som står ved inngangen til Guddalstunet og galleriet i Guddal, er laga av Bodil Friele og var med på den forrige utstillinga kunstnaren hadde i Galleri G Guddal i 2014, «Natur og kultur».

I sitt nyaste prosjekt går Friele sterkare til verks og strippareit heilt lite skogholt for greiner og kratt slik at det som står igjen er nakne stammer av gran midt i skogen. Dei ranke stammene vert farga turkis med eit hjarte av raud eføy midt mellom trea. På denne måten endrar ho naturen til eit abstrakt maleri ifylgje Guddal.

Nettopp det at ho med utgangspunkt i det naturlege, skapar ein abstraksjon, er ganske sentralt i måten Friele har valgt å arbeida med trevirke på. I tidligare seriar har ho snitta opp trestammer, laga mikado av hesjestaur og brent tatoveringar inn i tre. Prosjektet med å fargelegga skogen, er sånn sett ei forlenging av eit langsiktig kunstnerisk prosjekt som handlar om vekst og fall og om naturen si forgjengelegheit, der bruken av fargar får oss til å stoppa opp og merka oss verket.
Må sjåas seier Guddal.

www.bodilfriele.com

Den andre kunstnaren som deltek på denne utstillinga, Malene Eik, er nettopp ferdig med kunststudiar i Melbourne, Australia.

Ho jobbar under kunstnarnamnet Von Dieche, og har si kunstutdanning frå RMIT University i Melbourne, Australia.

I utstillinga syner ho fram arbeid frå den nye serien «Fragmenter». Den utforskar forholdet mellom kunst i gallerirommet og gatekunst. Utforskinga mellom desse to stadene, er realisert gjennom serieprosessar ved hjelp av tradisjonelle oljemaleriteknikkar, spraymaling, skulptur og fotografering.

Guddal fortel at bileta hennar er basert på realistiske portrett og figurative oljemaleri kombinert med skulptur. Skulpturelementet av kunstverket er laga av gips og etterliknar strukturen av murstein, som ofte blir funne i bakgrunnen av gatekunst.

Nettside: https://vondieche.com

Instagram : https://www.instagram.com/vondieche/

Musikk inder opninga er det Atle Fredheim og Gina Aspenes med song og gitar som står for.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d