Meny Lukk

17.mai på tradisjonelt vis, men med ein noko smidigare start på dagen

Odda Fotballklubb (OFK) har det tekniske ansvaret for 17.mai – feiringa i Odda, og dagleg leiar i klubben, Roger Sandvold, fortel at i år får småbarnsforeldre endeleg litt meir tid på seg før barnetoget skal gå. Avgangen er flytta halvannan time fram17mai-odda

Sjå heile 17.mai – programmet for Røldal, Skare, Odda og Tyssedal på nettsidene til Odda kommune

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel Sandvold at det ikkje er vanskeleg å få medlemene til å stilla opp 17.mai. – Me er rett og slett bortskjemde med gode folk.

Programmet 17.mai har stort sett vore det samme få år til år, men i år har komiteen tenk litt nytt. – Me har flytta barnetoget slik at det startar halvannan time seinare enn det har gjort tidlegare, slik at folk får nyta morgonstunda litt lengre heime. Ellers går dagen slik den pleier med to tog og aktivitetar for dei yngste på barneskulen.

Sandvold fortel at OFK har hatt mange gode diskusjonar rundt gjennomføringa a 17.mai – feiringa. – Tanken på å gå over til berre eitt tog, har vore lufta, men me vart einige om den endringa som kjem i år, som eit punkt å vidareutvikla dagen frå.

Det er meldt nokolunde brukande ver for dagen, dermed vert Hovden etter all sannsynlegheit endestasjon for tretoget, og med den gode bunadtettleiken ein har i Odda, vil nok Søljeberget –  som Hardanger Folkeblad døypte folkemengda i si tid, skina om kapp med sola i år også.

Det er alltid knytt ei viss spaning til kven som er årets 17.mai – talar. – No når programmet er ute, kan eg vel røpa at det er forfattaren Lars Ove Seljestad  som har fått æra i år, seier Sandvold. – Me er veldig nøgde med at han ville koma heim for å halda denne talen.

Som alltid står det også meir enn tale på menyen i Hovden. – Det vert musikalske innslag, innslag frå Odda Tae Kwon Do – klubb, innslag frå Skare barneskule med heimelaga rakettar med meir.

Sandvold oppmodar folk til å ha innslag av ymse slag i toget, sjølv om beste innslag ikkje vert kåra som tidlegare.

Når det gjeld helium – ballongar har diskusjonen gått i OFK som andre stader. – Me har landa på at me skal selgja helium – ballongar i år, litt fordi me ikkje klarer å finna andre inntektskjelder på så kort tid, men me går nok over til andre salsobjekt i 2019.

Så i 2019 er OFK klar for 17.mai igjen. – Me har arrangert 17.mai sidan me fek kommunl støtte til drift av klubben, så me vil halda fram som arrangør, seier Roger Sandvold som no først er klar for nasjonaldagen 2018.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: