Meny Lukk

12.mai – den internasjonale ME – dagen

Når den internasjonale ME-dagen vert markert 12. mai, gir aukt satsing på forskning etterlengta håp til millionar av pasientar og pårørende verda over

– Me syns det er teikn til auknde satsing på forsking for å forstå ME-sjukdomen, spesielt dei siste åra, seier Øystein Fluge, ein av leiarane for forskingsgruppa for ME ved Kreftavdelingea, Haukeland Universitetssykehus på Kavlifondet sine nettsider.

Han viser til at etter årtier med betydeleg underfinansiering, er det i USA no aukende løyvingar til somme forskingsgrupper.

Kavlifondet har sidan 2011 vore ein av få større donorar til biomedisinsk ME-forsking i Noreg. Mangelen på finansiering har gjort støtta frå Kavlifondet ekstra betydningsfull.

– Kavlifondet sitt samarbeid og støtte har vore heilt avgjerande for vår mogelegheit til å driva forsking. Det er inga overdriving å hevda at ingen av våre gjennomførte eller påbyrja prosjekt hadde sett dagens lys utan Kavlifondet, seier Øystein Fluge.

– Støtta har mogeleggjort fleire kliniske studier, og ført til at me har etablert ein verdifull biobank med prøvsr frå ME- sjuke pasientar.

Mye av laboratorieforskinga dreier seg om å prøva å forstå kvifor pasientane føler ein slik gjennomgripande mangel på energi, samt ei rekke ledsagarsymptom som kan vera både primære eller sekundære.

Dei gjennomførte kliniske studiene har evaluert forsøk på behandling som påvirkar immunapparatet, med hensikt å avdempa ein feilaktig påvirknad på kroppen si energiomsetting.

Les meir på (på nynorsk) på fjordingen.no, eit lesarinnlegg skrive av ME – sjuke Agnete Skrede.me-dagen

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: